Biblar pÄ lÞpande band
BÄde kristne og ikkje-kristne kan gÄ inn i ein bokhandel i ei kyrkje i Kina og kjÞpe ein bibel. Men kravet er at biblane skal vere utgjevne av organisasjonar som har lÞyve til bÄde Ä trykke og distribuere biblar.
BÄde Det kristne rÄdet i Kina og Den nasjonale katolske kyrkja er organisasjonar som er lovleg registrerte og har dette lÞyvet. Biblane blir produserte ved Amity-trykkeriet og derifrÄ blir dei sende til kyrker og forsamlingar via 79 distribusjonssenter som er spreidde over heile Kina.
Kva gjer Amity-trykkeriet?
Amity Press i Nanjing blei etablert i 1987 som eit svar pÄ eit spÞrsmÄl frÄ kyrkjeleiinga i Kina. Dei sameinte bibelselskapa (UBS) hjelpte til ved etableringa, og i 1988
blei Amity Printing Company Ltd (APC) danna.
Avtalen var basert pÄ eit samarbeids- prosjekt mellom Amity Foundation (ei samfunnsnyttig stifting oppretta av kristne leiarar i Kina) og Dei sameinte bibelselskapa. Det primÊre mÄlet var Ä trykke biblar. Alt det fÞrste Äret produserte APC rundt ein halv million eksemplar av Bibelen.
Trykkeriet flytta til eit nytt anlegg i mai 2008: ein 87 000 kvadratmeter stor fabrikk, med kapasitet til Ä trykke opptil 25 millionar innbundne bÞker i Äret.
FrÄ starten i 1987 og fram til desember 2021 er det trykt over 227 millionar eksemplar av Bibelen ved Amity-trykkeriet i Nanjing.
Gi ei gÄve til bibelarbeidet i KinaEtableringa av Amity Printing Company har bidratt til Ä sikre ei kontinuerleg forsyning av biblar til heile det kristne Kina. StÞtte frÄ Dei sameinte bibelselskapa og gÄver frÄ bibelvener i Noreg og heile verda, har halde prisen pÄ biblar lÄg. Sidan 1980-tallet har det vore ein utruleg vokster i kyrkjene, og fram til i dag har trykkeriet mÞtt den store lengten millionar av kinesarar har etter Guds ord.
FrĂ„ starten i 1987 og fram til desember 2021 er det trykt over 227 millionar eksemplar av Bibelen. Bortimot 89 millionar av desse er distribuerte rundt om i Kina, og i dette talet ligg det ĂČg biblar pĂ„ ti ulike minoritetssprĂ„k og ei utgĂ„ve i blindeskrift.
Dei resterande 138 millionar biblar er trykte pÄ meir enn 190 sprÄk, og eksporterte til utanlandske kundar i over 140 forskjellige land og territorium rundt om i verda, spesielt i dei afrikanske landa.
Kor mange biblar skal trykkast i 2022?
Basert pÄ talet av biblar som blei trykte i 2021, har styresmaktene for 2022 godkjent 2,4 millionar bibeleksemplar (medrekna bÄde protestantiske og katolske biblar).
Alle publikasjonar i Kina, bÄde religiÞse og sekulÊre, mÄ kvart Är sende inn ein sÞknad til styresmaktene om kor mange biblar, inkludert billige biblar, som kan trykkast og distribuerast same Äret. Dette gjeld alle: Det kristne rÄdet i Kina, Den kinesiske patriotiske katolske organisasjonen og Den kinesiske katolske biskop-konferansen.
NÄr lÞyvet til Ä trykke biblar er godkjend, vil kyrkjene leggje inn ei tinging hos Amity Press Company (APC). Det er Amity som trykker og bind inn biblane.
Kulturrevolusjonen og bibelunderet
Kulturrevolusjonen var ein omfattande politisk kampanje som starta i Kina i april 1966. Revolusjonen tok sikte pÄ ei gjennomgripande endring av samfunnet.
Gamle tradisjonar, institusjonar og kultur skulle bort for Ă„ skape eit nytt, kommunistisk samfunn. Initiativtakar var leiaren av det kinesiske kommunistpartiet, Mao Zedong.
Offisielt blei kulturrevolusjonen avslutta i oktober 1976 dÄ dei fremste leiarane, den sÄkalla «Firarbanden», blei arrestert.
I denne perioden var all religiÞs aktivitet forbode. Biblar blei konfiskerte og brente. Berre eit tiÄr seinare blei det som i dag er det stÞrste bibeltrykkeriet i verda etablert i Nanjing.
Sidan slutten av kultur- revolusjonen har talet pÄ kinesiske kristne vakse til meir enn 46 millionar (basert pÄ offisielle anslag) og 100 millionar (basert pÄ uoffisielle anslag).
Ved Amity-trykkeriet er det sidan 1987 trykt heile 230 millionar biblar.