Ein bibel til mor
â Mamma treng ein bibel, men det mĂ„ vere Reina Valera 60, seier Alanis.

Det har akkurat ringt pĂ„ dĂžrklokka, og Bibelselskapets medarbeidar i bokhandelen slepp inn ei ung jente. Ho har mĂžrke auge, men eit lyst blikk â og verkar tillitsfull.
Vi har mÞtt mange slike tillitsfulle folk under besÞket i Venezuela. Det er rart, tenkjer eg, nÄr land og styre i liten grad kan seiast Ä innby til tillit.
Alanis er 20 Är og har tre yngre sÞsken. Heile familien hennar er aktiv i ei evangelisk kyrkje.
â Eg blei kristen allereie som lita jente. Mamma tok meg med til kyrkja, og gradvis vaks eg inn i trua, seier ho.
Vi er pÄ omvising i Bibelselskapets lokale og stÄr tilfeldigvis i butikken nÄr Alanis kjem inn. Kontor, lager og butikk ligg i eit industriomrÄde litt i utkanten av sentrumsomrÄdet i Caracas, hovudstaden i Venezuela.
«Eg trur alle menneske er Guds barn og fortener ein sjanse til Ä leve eit godt liv.»
â Den gamle Bibelen til mamma er heilt fillelesen, sĂ„ eg ville overraske ho med ein ny, fortel ho.
â I dag hadde eg tid til Ă„ kome hit, for akkurat no er det pause i studia â og eg mĂ„ vente ei veke med Ă„ skrive meg inn pĂ„ neste kurs.
Alanis fortel at ho studerer spesialpedagogikk ved universitetet i Caracas.
â Eg Ăžnskjer Ă„ bruke utdanninga mi til Ă„ hjelpe menneske med funksjonsnedsetting. Eg trur alle menneske er Guds barn og fortener ein sjanse til Ă„ leve eit godt liv.
I mange Är var det liten Þkonomisk aktivitet i Venezuela. Inflasjonen og prisnivÄet gjorde det mest umogleg Ä kjÞpe noko, ogsÄ biblar. No er situasjonen litt betre.
Medan vi snakkar med Alanis, kling det igjen i dÞrklokka, og inn kjem ein eldre mann og ei kvinne. Dei fÄr omgÄande betening av Bibelselskapets medarbeidar.
â Det hadde nok kome fleire kundar om vi hadde ei betre plassering i byen. Dette bygget er leigd, og i likskap med sĂ„ mange andre held husverten til i USA, forklarar generalsekretĂŠren.
«Eg liker Ä lese om Jesu liv og lÊre. Han er eit fÞrebilete for meg, og eg Þnskjer Ä fÞlgje i hans fotspor. Det er noko av grunnen til at eg valde spesialpedagogikk som utdanning.»
Alanis tek seg tid til Ä setje seg ned for eit kort intervju med dei besÞkande frÄ Noreg:
â Bibelen betyr svĂŠrt mykje for meg. Eg liker Ă„ lese om Jesu liv og lĂŠre. Han er eit fĂžrebilete for meg, og eg Ăžnskjer Ă„ fĂžlgje i hans fotspor. Det er noko av grunnen til at eg valde spesialpedagogikk som utdanning, fortel ho.
â Pappa er murar, og tener ikkje sĂ„ mye, men nok til Ă„ brĂždfĂž familien. Og sĂ„ har eg litt inntekt sjĂžlv ogsĂ„. I dag hadde eg tenkt Ă„ kjĂžpe denne Bibelen som ei gĂ„ve og overrasking til mor, seier ho.
Bibelen betyr mykje bÄde for Alanis og mora.
â DĂ„ eg for fĂžrste gong sette meg ned og leste min eigen bibel, var det som ei openberring for meg â og eg byrja grĂ„te.
â Bibelen er ei kjelde til trĂžyst, rettleiing og inspirasjon til Ă„ leve eit godt liv, og til Ă„ fĂžlgje Guds vilje.
«Tre gonger i veka forsÞker eg Ä kome til kyrkja.»
I kyrkja hennar bruker dei berre ei bibelomsetjing: BibelutgÄva Reina Valera 60 har ein heilt spesiell posisjon mellom dei evangeliske kristne i Venezuela.
â Eg forsĂžker Ă„ kome til kyrkja tre gonger i veka. Men pĂ„ grunn av studia, er det ikkje alltid eg rekk Ă„ gĂ„ like ofte som tidlegare, forklarar Alanis.
Det har kome nye bibelomsetjingar til spansk, som kanskje er enklare Ă„ forstĂ„ â sĂŠrleg for yngre menneske.
GeneralsekretÊr Baudilio syner henne ei anna bibelutgÄve.
â Eg har alltid vore knytt til Reina Valera, og eg veit at mor ikkje vil ha nokon annan bibel. Det kjem ogsĂ„ av at det er denne versjonen det blir lese frĂ„ i kyrkja, forklĂ„rar ho.
Vi takkar Alanis for at ho tok seg tid til Ă„ snakke med oss.
â Til gjengjeld vil vi gjerne at du fĂ„r med deg denne Bibelen som ei gĂ„ve frĂ„ oss, seier generalsekretĂŠr Baudilio.
â DĂ„ blir det bĂ„de ei helsing frĂ„ Bibelselskapet og ei gĂ„ve frĂ„ deg til mor di, smiler han.
Styreleiar
Alejandro Lacenere er styreleiar for Bibelselskapet i Venezuela, regime-kritikar, advokat, brennande evangelisk kristen, og han har ein stor porsjon humor.
â At eg skulle bli styreleiar var ei ganske uventa hending. Som advokat hadde eg meir enn nok Ă„ ta meg til. Men fordi eg har ein sterk lidenskap for Bibelen â og har sett mange under skje ved Guds ord, sa eg ja til Ă„ hjelpe Bibelselskapet i ei kritisk tid.
Det er mange menneske i Venezuela som treng ein bibel, men Bibelselskapet har ikkje hatt middel til Ă„ distribuere dei.
â Bibelen er grunnleggjande for tru, von og liv. Guds ord er vegen til frelse, gir rettleiing og lys i mĂžrkret, og er ei kjelde til trĂžyst og styrke.
â No har vi von om at bibelvener i Noreg, og elles i verda, vil lĂžfte Venezuela fram i bĂžn. Vi treng ogsĂ„ Ăžkonomisk hjelp. Hugs at alle bidrag, smĂ„ som store, er viktige og gjer ein skilnad, seier Lacenere.
Gi en gave
En bibel i Venezuela koster kun 49 kroner.
Gi din gave med VIPPS eller kort.