Adventstid med Geir Gundersen - Dag 3

Medan mÞrkret enno stig og veks, tenner vi det fÞrste adventslyset, opnar opp mÞrkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeÄret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Det er tid for Ă„ vakne no

Lukas 21,36

Les i nettbibelen.

36Vak kvar tid og stund og be om styrke til Ä koma velberga frÄ alt det som skal henda, og bli stÄande framfor Menneskesonen.»

HĂžyr andakten!

God morgon!

Det er tid for Ä vakne no. Det er tid for Ä legge natta bak seg, same korleis den var, god eller dÄrleg, og opne seg for det som skal kome, det vi ikkje veit noko om. Det som kjem meg i mÞte og snart ventar pÄ mitt svar, mi avgjerd.

Det er kanskje pÄ tide Ä vakne.

Vi har kanskje sove lenge nok. Vi har kanskje sove altfor lenge. Vi har kanskje tenkt altfor mykje pÄ det Ä sove godt.

Det er pÄ tide Ä vakne.

Det er pÄ tide Ä feire advent.

Det er pÄ tide Ä kjenne etter, Ä vende om og lÄne Þyre til rÞysta i hjartet, stille eller brusande. Kva er det eg lengtar etter? Kva seier dette suget i mi sjel? Det som, ja nettopp, vekker meg midt pÄ natta eller held meg vaken heile den fjerde nattevakta til morgonen gryr. Det som ikkje gir meg fred.

Det er pĂ„ tide Ă„ feire advent og sleppe fram den djupe lengten i hjartet. Den som ifĂžlgje kristen tru bind truande og vantruande saman. For hugs: Trua dĂžyver ikkje lengten. Den falske trua, den sjĂžlvsikre trua prĂžver nok Ă„ gjere mennesket tilfreds i hovudet. Men hjartet vil framleis lengte. Den trua som bor i hjartet, den vidar hjartet ut – sĂ„ lengten gĂ„r stendig djupare, denne himmelske trĂ„den som bind alle tider saman og gĂ„r gjennom alle religionar og all fornekting av religion: lengten etter han, vĂ„rt opphav, vĂ„r kjelde, vĂ„r heim, vĂ„rt mĂ„l.

Vak og bed, seier Barnet, som skal bli Menneskesonen og gje seg sjĂžlv til frelse for alt levande. «Ta dykk i vare», seier han i dagens ord frĂ„ Lukasevangeliet kapittel 21. «Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli slĂžva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, sĂ„ den dagen kjem like uventa pĂ„ dykk som ei snare. (
) Vak kvar tid og stund» (v. 34–36).

SĂŠl er den som vaknar, som slepp taket i alle sine domar og fordomar, som lĂšt alle sine tankar om Gud fare og krev Ă„ mĂžte han andlet til andlet: Barnet som er Guds hjarte, ei uendeleg Ăžmheit med alt han skapte og skapar, heilt til stades for deg.

Det er tid no for Ä feire advent, synge saman med Maria. «Syng det pÄ kne», seier Gertrud von Le Fort.

Syng det som barntunge kvinner synger:
For spe ble den sterke, liten den endelĂžse,
mild ble den veldige, ydmyk den opphĂžyede.
(
)
Glede vil jeg tenne ved alle dine menneskelighets grenser.
Hilset vĂŠre hun som bĂŠrer Herren!

Les videre:

36SĂ„ kom Jesus med lĂŠresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg gĂ„r dit bort og bed.» 37Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sĂžnene, og han vart gripen av sorg og gru. 38DĂ„ sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til dĂžden. Ver her og vak med meg!» 39SĂ„ gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det rĂ„d, sĂ„ lat dette begeret gĂ„ meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40DĂ„ han kom tilbake til lĂŠresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «SĂ„ makta de ikkje Ă„ vaka med meg ein einaste time? 41Vak og be at de ikkje mĂ„ koma i freisting! Ånda er villig, men kjĂžtet er veikt.» 42SĂ„ gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gĂ„ forbi meg, og eg mĂ„ tĂžmma det, sĂ„ lat viljen din rĂ„da.» 43DĂ„ han kom tilbake, sĂ„g han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av sĂžvn. 44DĂ„ lĂ©t han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45SĂ„ kom han tilbake til lĂŠresveinane og sa: «SĂžv de framleis og kviler! Timen er komen dĂ„ Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 46StĂ„ opp, lat oss gĂ„! Svikaren er nĂŠr.»

Les i nettbibelen

1Skriv til engelen for forsamlinga i Sardes:Dette seier han som har dei sju Guds Änder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Det heiter om deg at du lever, men du er dÞd. 2Vakn opp og styrk det som er att, og som held pÄ Ä dÞy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mÄl for min Gud. 3Kom difor i hug kva du tok imot og hÞyrde! Hald fast pÄ det og vend om! Men om du ikkje vaknar, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg. 4Men du har nokre fÄ i Sardes som ikkje har skitna til kleda sine. Og dei skal gÄ med meg i kvite klede, for dei er verdige til det. 5Den som sigrar, skal bli kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut av livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans. 6Den som har Þyre, hÞyr kva Anden seier til forsamlingane!

Les i nettbibelen