Adventstid med Geir Gundersen - Dag 5

Medan mÞrkret enno stig og veks, tenner vi det fÞrste adventslyset, opnar opp mÞrkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeÄret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Tida er nĂŠr

Markus 1,15

Les i nettbibelen.

15og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nÊr. Vend om og tru pÄ evangeliet!»

HĂžyr andakten!

God morgon!

Det er 50 Ă„r sidan no. Eg, gutungen Geir, sat pĂ„ dei noksĂ„ harde benkane pĂ„ det noksĂ„ nĂžkterne Skodje bedehus – og lĂ©t adventssongen framfor alle bruse gjennom meg:

Se, han kommer! Jesus kommer!
Fikentreet stÄr i blommer.
VÄr forlÞsningstime kommer. Jeg vil
lytte etter lyden av hans trinn.

Eg elska den songen. Den hadde lys og luft og var lett Ä synge. Men endÄ eg var eit barn, det var innhaldet som lyfte meg, biletet av han som ein gong skal kome att og rydde opp i det jordiske ufÞre:

Se, han kommer, han som alle tiders
floker lĂžse kan, fredens morgen uten
skyer bryter inn! Ja, han kommer, Ă„
min sjel og setter alle ting i stand.
Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.

Slik vart den andre adventssÞndagen min favoritt og er det enno. Medan vi ventar pÄ Barnet, syng vi om det Barnet skal bli: oppfyllinga av den djupaste lengten i tilveret, hos alle menneske til alle tider, den som syng i heile skapningen, sÊrleg heftig der mÞrkret rÄr: lengten etter ein ny himmel og ein ny jord der rettferd bor. Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.

Det mÄ seiast klart. Denne vona er ut over all synleg verkelegdom. Ho er ikkje ei forlenging av alminneleg optimisme. Vi veit for mykje om det vonde til Ä lite pÄ framsteget. Vi mÄ bokstaveleg tala sette vÄr lit til Gud, han som har elska jord og himmel fram og som pinest over alle tÄrer som uskuldige menneske gret.

Det er den kristne kyrkja og alle truande si stÞrste oppgÄve: Ä halde denne vona oppe, Ä ikkje la seg dra ned av vondskapens mange sigrar, forkynne vona mot alle odds, la seg fylle av den heilt ned til botn og leve den ut i det eg vil kalle den kristne levemÄten. Den som i smÄtt og stort gjer klart at det aldri er for seint.

I dagens tekst samlar evangelisten Markus heile Jesu liv i to vers i kapittel 1:

Markus 1,14-15

Les i nettbibelen.

14DÄ Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium 15og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nÊr. Vend om og tru pÄ evangeliet!»

Det er ikkje store fakter som skal til for Ä ta Gud pÄ alvor. Det held Ä vere eit lengtande menneske som vender hjartet sitt mot han.

Les videre:

18Eg meiner at det vi mĂ„ lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vĂ„r. 19Det skapte lengtar inderleg etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20For det skapte vart lagt under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det slik. Likevel var det hĂ„p, 21for ĂČg skapningen sjĂžlv skal bli frigjord frĂ„ slaveriet under det forgjengelege og fĂ„ den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22Vi veit at heilt til denne dag sukkar og stĂžnnar heile skapningen saman, som i fĂždselsrier. 23Ja, endĂ„ meir: OgsĂ„ vi som har fĂ„tt Anden, den fĂžrste frukta av hausten som kjem, sukkar med oss sjĂžlve og lengtar etter Ă„ bli Guds born heilt og fullt nĂ„r kroppen vĂ„r blir sett fri. 24For i hĂ„pet er vi frelste. Men eit hĂ„p som vi alt ser oppfylt, er ikkje noko hĂ„p. Korleis kan nokon hĂ„pa pĂ„ det dei alt ser? 25Men hĂ„par vi pĂ„ noko vi ikkje ser, dĂ„ ventar vi med tolmod. 26PĂ„ same mĂ„ten kjem Anden oss til hjelp i vĂ„r maktlĂžyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for Ă„ be rett, men Anden sjĂžlv gĂ„r i forbĂžn for oss med sukk utan ord. 27Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage. 28Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29Dei han pĂ„ fĂžrehand vedkjende seg, har han ĂČg pĂ„ fĂžrehand sett til Ă„ bli forma etter biletet av Son sin, sĂ„ han skulle vera den fĂžrstefĂždde mellom mange sysken. 30Og dei han pĂ„ fĂžrehand har bestemt til dette, har han ĂČg kalla. Og dei han kalla, har han ĂČg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, har han ĂČg herleggjort. 31Kva skal vi sĂ„ seia til dette? Er Gud for oss, kven er dĂ„ imot oss? 32Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han? 33Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34Kven kan dĂ„ fordĂžmma? Kristus Jesus er den som dĂžydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds hĂžgre hand, og han bed for oss. 35Kven kan skilja oss frĂ„ Kristi kjĂŠrleik? Naud eller angst eller forfĂžlging eller svolt, Ă„ stĂ„ naken eller i fare eller framfor sverd? 36Som det stĂ„r skrive: For di skuld blir vi drepne dagen lang, vi blir rekna som slaktesauer. 37Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38For eg er viss pĂ„ at verken dĂžd eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39verken det som er i det hĂžge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frĂ„ Guds kjĂŠrleik i Kristus Jesus, vĂ„r Herre.

Les i nettbibelen

1Og eg sÄg ein ny himmel og ei ny jord. For den fÞrste himmel og den fÞrste jord var borte, og havet var ikkje meir. 2Og eg sÄg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frÄ himmelen, frÄ Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. 3Og eg hÞyrde frÄ trona ei hÞg rÞyst som sa: «SjÄ, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjÞlv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud. 4Han skal tÞrka kvar tÄre frÄ auga deira, og dÞden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.» 5Han som sit pÄ trona, sa: «SjÄ, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pÄlitelege og sanne.»

Les i nettbibelen