Trusfellesskapen i arbeidarleiren

I landsbyen Askar, ein times kÞyretur frÄ hovudstaden i Bahrain, kjem Þrkenen nÊr. Her bles det sand over vegane, og det er berre nokre spreidde buskar Ä sjÄ. I dette omrÄdet finn vi ogsÄ bustadane til mange av dei nesten 800 000 migrantarbeidarane i dette landet.

Arbeidarane avbilda mellom kÞyesengene, sitjande pÄ golvet pÄ rommet i arbeidarleiren der dei bur.
I arbeidarleiren: (frÄ venstre) Pastor Kapila, Narmaraju, Jeshua (foran), Chandraja (bak), Paul og Pravin. Vi skimtar Bibelselskapets Daniel John i bakgrunnen.

I dÞra pÄ eit brakkebygg med fire etasjar ventar pastor Kapila*. Han leier oss gjennom ein brei korridor, forbi eit felleskjÞken og toaletta. Utanfor inngangen til eit hybelrom med kÞyesenger blir vi bedne om Ä ta av oss pÄ fÞtene.

Dette er heimen til sju-Ätte modne mannfolk.

Motiv frÄ veggen med hinduistiske plakatar.

– Alle her kjem frĂ„ India og ingen kjende Jesus fĂžr dei kom til Bahrain, fortel pastoren.

Kapila er sjÞlv indar, og har i fleire Är samarbeidd med Bibelselskapet om Ä bringe Guds ord til dei av framandarbeidarane som held til aller nedst pÄ samfunnsstigen, og som er busett i leirbyar som her i Askar.

Kristne namn

Nokre av mennene i den vesle huslyden har kome lenger pÄ trusvegen enn andre. Vi ser at det framleis heng plakatar med hinduistiske motiv pÄ rommet. Men dei aller fleste har likevel ein bibel under armen.

Jeshua i tankar med bĂžygd hovud.

– NĂ„r ein indar finn fram til Jesus, byter han gjerne ogsĂ„ namnet sitt, fortel Kapila. Den indiske namnetradisjonen tilseier at borna fĂ„r eit hinduistisk namn ved fĂždselen. NĂ„r ein person kjem til tru, og blir dĂžypt, tek han derfor ofte eit nytt namn. Ein av mennene presenterer seg med dĂžypenamnet Jeshua:

– Det var gjennom Kapila og fellesskapen her i leiren eg fann fram til Kristus. SjĂžlv om fĂ„ av oss kjende till kvarandre fĂžr vi kom til Bahrain, kjenner vi oss no alle som brĂžr, seier han.

– Eg visste om kristendomen, men var likegyldig fþr eg kom til Bahrain, seier Pravin.

Han er enno ikkje dÞypt men er trufast med i bÞnene, og ogsÄ han har fÄtt seg ein bibel.

«Arbeidsdagen byrjar klokka to om natta, fÞr sola stÄr opp og varar til kring klokka ti pÄ fÞremiddagen. Midt pÄ dagen er det for farleg Ä gjere fysisk arbeid i den steikande sola»

-

Arbeidsdagen

Det finnast migrantarbeidarar i Golf-statane med godt betalte jobbar, og fine hus. Men dei som bur i denne leiren er alle bygningsarbeidarar eller dei jobbar med reinhald, vegarbeid og andre fysisk krevjande yrke. Fleire av dei arbeider ogsĂ„ utandĂžrs – og pĂ„ desse breiddegradane kan det vere ei utfordring.

– Arbeidsdagen byrjar klokka to om natta, fĂžr sola stĂ„r opp og varar til kring klokka ti pĂ„ fĂžremiddagen. Midt pĂ„ dagen er det for farleg Ă„ gjere fysisk arbeid i den steikande sola, fortel Kapila.

Narmaraju avbilda med Bibelen sin mellom hendene.

Fredagsgudsteneste

PĂ„ ettermiddagen, i halv seks-tida, nĂ„r sola ikkje er like miskunnlaus, samlast dei som kan til ei bĂžnestund pĂ„ rommet. Fredagane er «heilagdag» i Bahrain – og fridag. SĂ„ dermed blir det ogsĂ„ gudstenestedagen.

Paul heiter ein av dei som er dÞypt. Kona hans arbeider som hushjelp, og derfor ser dei lite til kvarandre gjennom veka. Men pÄ fredagane kjem ogsÄ ho til kyrkja:

– Etter gudstenesta tek eg med heile gruppa til eit mĂ„ltid som kona mi har laga i stand, seier han.

Den faste rutinen med arbeid, bĂžn og gudsteneste knyter husfellesskapen saman i tru og sĂžking etter Kristus.

– Vi ser sĂŠrleg pĂ„ Paul som ein fredens mann, seier Narmaraju. Han og pastoren har vore bruer for oss heilt sidan vi kom til landet.

FrÄ rommet i arbeidarleiren.

Kristne vitne

Alle migrantarbeidarar i Golf-statane er i landa pÄ bestemt tid, dei kan ikkje bli verande nÄr arbeidskontrakta gÄr ut:

– Eg veit at nĂ„r desse mennene dreg tilbake til heimstaden vil dei bli levande vitne om Kristus, seier Kapila.

– Nokre vil ĂČg ta til som leiarar innan ein trusfellesskap, eller bli prestar og evangelistar. Eg har mange gonger erfart at trusreisa for eit menneske har byrja her i Bahrain.

Arbeidarleiaren i Bahrain stÄr som eit vitnemÄl om krafta i Guds ord. Arbeidarane har her funne samkjensle, formÄl og Ändeleg oppvakning. PÄ kanskje den mest uventa staden i verda, blir dei litt om litt levande dÞme pÄ evangeliets kraft.

Ei stÞvete gate mellom arbeidarbrakkene i byen Askar pÄ Bahrain.
Dei som bur i denne leiren er alle bygningsarbeidarar eller dei jobbar med reinhald, vegarbeid og andre fysisk krevjande yrke.

Be for arbeidarane i Golfen

  • Be for dei nesten 800 000 migrantarbeidarane i Bahrain, og millionane som oppheld seg andre stader i Persiabukta. Be om at dei finn trĂžyst og hĂ„p i Kristus, og at dei kan bere vitnemĂ„let om Jesus tilbake til heimlanda sine.
  • Be for pastor Kapila og trusfellesskapen hans i Bahrain. Be om visdom, styrke og vern for nye kristne og at arbeidet kan halde fram med Ă„ bere frukt.
  • Be om at migrantarbeidarane blir styrkte i relasjonen sin med Kristus. Be for eining og samkjensle i trusfellesskapen, trass i dei krevjande for- holda arbeidarane stĂ„r overfor.