Hei!
Sveip til sidene for Ă„ velje historie, og bla deretter ned for Ă„ lese og hĂžyre historia.
Abram var gammal, og Sarai fekk ingen barn.
Likevel sa Gud: «Du skal bli far til mange folkeslag.
FrĂ„ no av skal du heite Abraham â far til mange.
Sarai skal heite Sara â mor til kongar.
Lev for ansiktet mitt â ver heil i alt du gjer!»
Ă
ra gjekk, men omsider
blei det slik Gud hadde lova.
Magen til Sara voks, og ho lo av glede.
DĂ„ sonen blei fĂždd, kalla ho han Isak.
Namnet betyr «han skal le».
Den vesle guten voks, til glede for alle.
Men ein dag sette Gud Abraham pÄ prÞve.
Gud sa: «Abraham! Ta med deg Isak,
sonen din som du er sÄ glad i,
dra til Moria-fjella for Ă„ ofre til meg,
og bruk sonen din som offerlam!»
Det var ei mĂžrk natt for Abraham.
Men neste morgon gjorde han eselet klart,
tok med seg ved og mat, tenarar og sonen.
Etter tre dagar sÄg dei fjellet dei skulle til.
Han tok berre med seg veden og Isak opp.
Dei gjekk saman, dei to, og Isak sa:
«Du far? Kvar er offerlammet vÄrt?»
«Gud vil sjÄ seg ut eit lam», svarte Abraham.
Dei gjekk vidare opp mot fjellet, dei to.
Oppe pÄ fjellet bygde Abraham eit alter,
la veden pÄ plass og gjorde alt klart,
men det dukka ikkje opp noko offerlam.
DÄ tok han Isak, la han pÄ alteret,
la sonen som han var sÄ glad i, pÄ veden,
lÞfta kniven, sÄg bort, var klar.
DÄ ropte Herrens engel: «Stans!
Gjer ikkje guten noko!»
Og dÄ Abraham sÄg seg rundt,
sĂ„g han ein vĂȘr som hang fast
i eit kratt bak han.
Dei la vĂȘren pĂ„ veden, ofra og brende han.
DĂ„ ropte Herrens engel igjen:
«Fordi du gjorde dette og ikkje sparte
den einaste sonen din, vil eg velsigne deg rikt.
Slekta di skal bli talrik som stjernene.
Fordi du hÞyrde pÄ meg,
skal alle folkeslag vere velsigna ved deg.»
DĂ„ gjekk Abraham og Isak tilbake.
Dei fann tenarane og eselet
og kom seg heim til Sara.
Der venta nyheita om at ei jente var fĂždd
hos ein av slektningane i Nahors by.
Ho heitte Rebekka.
«Framtida ser lys ut, Isak»,
sa Sara til sonen sin og smilte.