Josef i Egypt

Josef kom som slave til Egypt.
BrĂžrne hans hadde selt han.
Han var slave i nokre Är,
og sÄ blei han kasta i fengsel
for noko han ikkje hadde gjort.
I fengselet bad han til Gud
og tydde andre sine draumar.

Etter mange Är blei han henta til slottet.
«Kan du tyde draumar?» spurde farao.
«Ikkje eg, men Gud fortel meg
kva draumane betyr», sa Josef.
DĂ„ fortalde farao om draumen han hadde hatt.

Farao hadde drĂžymt at han stod ved Nilen.
Opp frÄ elva steig det sju kyr, fine og feite.
Etter dei steig sju andre kyr opp frÄ elva.
Dei var stygge og magre og Ät opp dei feite kyrne.
Farao hadde ĂČg drĂžymt om sju kornaks,
tjukke og gode; dei voks pÄ eitt strÄ.
Etter dei skaut det opp sju andre kornaks,
tynne og svidde av vinden.
Dei tynne aksa slukte dei tjukke.

«Kva betyr det?» spurde farao.
Josef sa at Gud hadde vist farao framtida:
Etter sju gode Är med mykje korn
skulle det komme sju Är der folk svalt.
Josef gav farao det rÄdet
at heile landet skulle spare korn i dei gode Ära
sÄ dei hadde nok mat i dei sju Ära med svolt.
Farao sa: «Eit godt rÄd! Du er ein klok mann.
Du skal leie dette arbeidet!»

Josef blei den Ăžvste leiaren i Egypt,
nest etter farao sjĂžlv.
Alle bĂžygde seg for han.
Han bygde kornlager og samla opp i dei gode Ära
sÄ alle kunne fÄ kjÞpt korn nÄr dei trong det.
DÄ dei dÄrlege Ära kom,
var det ingen i Egypt som svalt.

Folk kom langvegsfrÄ for Ä kjÞpe korn.
OgsÄ brÞrne til Josef reiste frÄ Kanaan til Egypt.
Dei kjende ikkje Josef att,
men kasta seg ned framfor han med ansiktet mot jorda.
Dei hÄpte at den mektige mannen ville la dei kjÞpe korn.

Josef lét som han ikkje kjende dei att.
Han sa strengt til dei: «De er spionar!»
«Nei, vi er Êrlege folk!» svarte dei.
«Vi er komne for Ä kjÞpe mat.»
Dei sa at dei var frÄ Kanaan.
Ein gong hadde dei vore tolv brĂžr,
men éin var dÞd, og den yngste var igjen hos faren.
«Bevis det! Ta han hit!» befalte Josef.

BrĂžrne reiste heim med kornet
og henta den yngste broren.

DĂ„ veslebror Benjamin kom til Egypt
og dei mĂžttest,
mÄtte Josef springe ut av rommet.
Han ville ikkje vise at han gret.

SĂ„ lurte Josef brĂžrne sine.
Han fekk lagt eit sĂžlvbeger i kornsekken til Benjamin
og befalte at den som hadde stole begeret,
skulle vere igjen som slave i Egypt.
Men dÄ brÞrne oppdaga kvar begeret lÄg,
flerra dei kleda sine,
kasta seg til jorda framfor Josef
og bad: «Ikkje ta Benjamin!
DÄ dÞyr far vÄr av sorg.
Ta ein av oss som slave i staden!»

DÄ tok Josef til Ä grÄte hÞgt
og sa: «Eg er Josef, bror dykkar.»
BrÞrne stira skrekkslagne pÄ han.
«Eg tilgir dykk!» sa han.
«De ville gjere vondt mot meg,
men Gud ville at det skulle bli til noko godt.
Han sende meg hit for Ă„ redde Egypt,
og for Ă„ redde dykk ĂČg.»

DĂ„ brĂžrne kom tilbake til Kanaan,
sa far Jakob om og om igjen:
«Tenk at sonen min Josef framleis lever!»
Far Jakob og brĂžrne flytta til Egypt,
og Josef sĂžrgde godt for dei.

Les historia i Bibelen

1Josef vart fĂžrt ned til Egypt. Potifar, ein egyptar som var hoffmann hos farao og sjef for livvakta, kjĂžpte han av ismaelittane som hadde teke han med dit. 2Herren var med Josef og lĂ©t det lukkast for han. Han vart verande i huset til den egyptiske herren sin. 3Herren hans sĂ„g at Herren var med han og lĂ©t han lukkast i alt han gjorde. 4Josef vann velvilje hos herren sin og vart tenaren hans. Potifar sette han til Ă„ styra sitt hus og lĂ©t han ta hand om alt han eigde. 5Og frĂ„ den tid egyptaren hadde sett han over sitt hus og alt han eigde, velsigna Herren huset hans pĂ„ grunn av Josef. Herrens velsigning kvilte over alt det han eigde, bĂ„de i huset og pĂ„ marka. 6Han lĂ©t Josef ta hand om alt han eigde, og gjorde seg ingen suter, anna enn for maten han Ă„t.Josef var velskapt og vakker. 7Ei tid etter hende det at kona til herren kasta auga sine pĂ„ han. «Ligg med meg!» sa ho. 8Men han ville ikkje og sa til henne: «SjĂ„, herren min treng ikkje gjera seg suter om noko i huset, han har late meg ta hand om alt. 9Han er ikkje stĂžrre i dette huset enn eg. Han har ikkje nekta meg noko utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg dĂ„ kunna gjera noko sĂ„ vondt og synda mot Gud?» 10Dag etter dag snakka ho til Josef, men han hĂžyrde ikkje pĂ„ henne og ville ikkje liggja med henne eller vera saman med henne. 11SĂ„ hende det ein dag at han kom inn i huset og skulle gjera arbeidet sitt. Ingen av husfolket var inne. 12DĂ„ greip ho fatt i kappa hans og sa: «Ligg med meg!» Men han rĂžmde ut av huset og lĂ©t kappa vera att i hendene hennar. 13DĂ„ ho sĂ„g at han lĂ©t kappa vera att i hendene hennar og sjĂžlv rĂžmde ut, 14ropa ho pĂ„ husfolket og sa: «SjĂ„! Mannen min har drege ein hebrear inn i huset som gjer oss til latter. Han kom til meg og ville liggja med meg, men eg ropa sĂ„ hĂžgt eg kunne. 15Og dĂ„ han hĂžyrde at eg sette i og ropa, lĂ©t han kappa vera att hos meg og rĂžmde ut.» 16SĂ„ tok ho vare pĂ„ kappa til herren hans kom heim. 17Ho fortalde han den same historia: «Den hebraiske slaven som du har drege inn til oss, kom til meg og ville gjera meg til latter. 18Men dĂ„ eg sette i og ropa, lĂ©t han kappa vera att hos meg og rĂžmde ut.» 19Herren til Josef vart brennande harm dĂ„ han hĂžyrde kva kona fortalde. «Dette har slaven din gjort mot meg», sa ho. 20Han tok Josef og sette han i fengselet der fangane til kongen sat i lenkjer. Han vart sitjande der i fengselet. 21Men Herren var med Josef og viste han miskunn. Han lĂ©t han finna godvilje hos styraren for fengselet. 22Han lĂ©t Josef ta hand om alle fangane i fengselet og alt som skulle gjerast der. 23Styraren hadde ikkje sjĂžlv tilsyn med noko av det Josef hadde fĂ„tt hand om. For Herren var med Josef. Herren lĂ©t alt han gjorde, lukkast for han. 1Ei tid etter hende det at munnskjenken og bakaren til kongen i Egypt fornĂŠrma herren sin, kongen i Egypt. 2Farao vart sint pĂ„ dei to hoffmennene sine, overmunnskjenken og bakarmeisteren. 3Han sette dei i forvaring hos sjefen for livvakta, i fengselet der Josef var fange. 4Sjefen for livvakta sette Josef til Ă„ sjĂ„ etter dei og tena dei. Dei vart sitjande ei tid i forvaring. 5Medan munnskjenken og bakaren hos kongen i Egypt sat lenkja i fengselet, hadde dei to i ei og same natta kvar sin draum med ulik tyding. 6DĂ„ Josef kom inn til dei om morgonen, sĂ„g han at dei var nedtrykte. 7Han spurde hoffmennene til farao, som sat i forvaring saman med han i huset til herren hans: «Kvifor har de sĂ„ triste andlet i dag?» 8Dei svara: «Vi har begge hatt ein draum, men her er det ingen som kan tyda dei.» DĂ„ sa Josef til dei: «HĂžyrer ikkje tydinga Gud til? Fortel!» 9SĂ„ fortalde overmunnskjenken draumen sin til Josef. Han sa: «SjĂ„, i draumen min stod ein vinstokk framfor meg. 10Det var tre greiner pĂ„ han. SĂ„ snart han tok til Ă„ skyta knoppar, spratt blomane, og klasane vart til mogne druer. 11Eg heldt begeret til farao i handa. Eg tok druene, pressa dei ut i begeret og gav det til farao.» 12DĂ„ sa Josef: «Dette er slik Ă„ tyda: Dei tre greinene er tre dagar. 13Om tre dagar skal farao opphĂžgja deg og gje deg stillinga di tilbake. Du skal gje begeret til farao pĂ„ same mĂ„ten som fĂžr dĂ„ du var munnskjenken hans. 14Gjev du ville koma meg i hug nĂ„r det gĂ„r deg godt! Gjer vel Ă„ nemna meg for farao og fĂ„ meg ut av dette huset. 15For eg er stolen frĂ„ landet til hebrearane, og her har eg ikkje gjort noko som gjer meg fortent til fangeholet.» 16DĂ„ bakarmeisteren sĂ„g at Josef hadde gjeve ei god tyding, sa han til han: «Eg ĂČg var i draumen min. Og sjĂ„, eg hadde tre korger med kveitebrĂžd pĂ„ hovudet. 17I den Ăžvste korga var det bakverk av alle slag til farao, men fuglane Ă„t bakverket frĂ„ korga pĂ„ hovudet mitt.» 18Josef svara: «Dette er tydinga: Dei tre korgene er tre dagar. 19Om tre dagar skal farao opphĂžgja deg og hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjĂžtet av deg.» 20Tredje dagen – det var fĂždselsdagen til farao – heldt farao eit festmĂ„ltid for alle tenarane sine. DĂ„ lyfte han opp overmunnskjenken og bakarmeisteren midt blant tenarane sine. 21Overmunnskjenken gav han stillinga tilbake, sĂ„ han fekk gje farao begeret, 22men bakarmeisteren hengde han. Det gjekk slik Josef hadde tydd draumane for dei. 23Men overmunnskjenken hugsa ikkje pĂ„ Josef; han glĂžymde han. 1To Ă„r etter hadde farao ein draum: SjĂ„, han stod ved Nilen. 2Opp frĂ„ elva steig sju kyr, fine og feite, og gav seg til Ă„ beita i sivet. 3Etter dei steig sju andre kyr opp frĂ„ elva, stygge og magre, og stilte seg saman med kyrne pĂ„ elvebredda. 4Dei stygge og magre kyrne Ă„t opp dei sju fine og feite. DĂ„ vakna farao. 5SĂ„ sovna han att og drĂžymde for andre gong: SjĂ„, sju kornaks, tjukke og gode, voks pĂ„ eitt og same strĂ„et. 6Etter dei skaut det opp sju andre kornaks, tynne og svidde av austavinden. 7Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke og fulle aksa. DĂ„ vakna farao og skjĂžna at det var ein draum. 8Men om morgonen var han uroleg til sinns. Han sende bod etter alle spĂ„mennene og vismennene i Egypt. Farao fortalde dei draumane sine, men det var ingen som kunne tyda dei for han. 9DĂ„ sa overmunnskjenken til farao: «I dag kom eg til Ă„ tenkja pĂ„ syndene mine. 10Ein gong vart farao sint pĂ„ tenarane sine og sette meg og bakarmeisteren i forvaring hos sjefen for livvakta. 11I ei og same natt hadde vi kvar vĂ„r draum, eg og han, med kvar si tyding. 12Det var ein ung hebrear saman med oss der, ein slave hos sjefen for livvakta. Vi fortalde han draumane vĂ„re, og han gav draumane kvar si tyding. 13Og slik han tydde dei for oss, slik gjekk det. Farao gav meg stillinga tilbake, men bakarmeisteren hengde han.» 14DĂ„ sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og henta han ut frĂ„ fangeholet. Han barberte seg og skifte klede og gjekk sĂ„ inn til farao. 15Farao sa til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen her som kan tyda han. Men eg har hĂžyrt om deg at nĂ„r du hĂžyrer ein draum, sĂ„ kan du tyda han.» 16Josef svara: «Det er ikkje opp til meg, berre Gud kan gje eit svar som er godt for farao.» 17SĂ„ sa farao til Josef: «SjĂ„, i draumen stod eg ved elvebredda. 18FrĂ„ elva kom det opp sju kyr, feite og fine, og gav seg til Ă„ beita i sivet. 19Etter dei kom det opp sju andre kyr, tynne, magre og stygge. SĂ„ stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt. 20Og dei magre, stygge kyrne Ă„t opp dei fĂžrste sju, dei feite kyrne. 21Men dĂ„ dei hadde sett dei til livs, kunne det ikkje merkast pĂ„ dei; dei var like stygge som fĂžr. DĂ„ vakna eg. 22I draumen sĂ„g eg ĂČg sju kornaks som voks pĂ„ eitt strĂ„, fulle og gode. 23Etter dei skaut det opp sju andre aks, tĂžrre, tynne og svidde av austavinden. 24Dei tynne aksa slukte dei sju gode. Dette fortalde eg til spĂ„mennene, men ingen kunne forklara det for meg.» 25DĂ„ sa Josef til farao: «Farao har hatt ein og same draumen. Gud har late farao fĂ„ vita kva han vil gjera. 26Dei sju gode kyrne er sju Ă„r, og dei sju gode aksa er sju Ă„r. Det er ein og same draumen. 27Dei sju magre og stygge kyrne som kjem opp etter dei, er sju Ă„r. Og dei sju kornaksa, tynne og svidde av austavinden, er sju Ă„r med hungersnaud. 28Det var det eg meinte dĂ„ eg sa til farao: Gud har vist farao kva han vil gjera. 29SjĂ„, det skal koma sju Ă„r med overflod i heile Egypt. 30Etter dei skal det koma sju Ă„r med hungersnaud, sĂ„ all overfloda skal bli glĂžymd i Egypt. Svolten skal gjera ende pĂ„ landet. 31Ingen skal minnast overfloda i landet, for svolten som fĂžlgjer, skal bli hard. 32NĂ„r farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud har fastsett dette. Han vil skunda seg Ă„ gjera det. 33No mĂ„ farao sjĂ„ seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt. 34Farao mĂ„ gripa inn. Han mĂ„ peika ut tilsynsmenn utover landet og krevja inn ein femtedel av avlingane frĂ„ Egypt i dei sju Ă„ra det er overflod. 35Dei skal samla all maten frĂ„ dei gode Ă„ra som kjem, og lagra treskt korn i byane under vakthald frĂ„ farao. 36Maten skal vera forrĂ„d for landet i dei sju Ă„ra med hungersnaud som kjem over Egypt. DĂ„ skal ikkje landet gĂ„ til grunne av svolt.» 37Farao og alle tenarane hans syntest godt om dette rĂ„det. 38Og farao sa til tenarane sine: «Finst det nokon mann som denne, ein som har Guds ande i seg?» 39SĂ„ sa farao til Josef: «Sidan Gud har late deg fĂ„ vita alt dette, finst det ingen sĂ„ vis og vitug som du. 40Du skal styra mitt hus, og heile folket mitt skal retta seg etter det du seier. Berre nĂ„r det gjeld trona, skal eg vera stĂžrre enn deg.» 41Og farao sa til Josef: «SjĂ„, eg set deg over heile Egypt.» 42SĂ„ tok han signetringen av handa si og sette han pĂ„ handa til Josef. Han kledde han i linklede og hengde ei gullkjede om halsen pĂ„ han. 43Han lĂ©t Josef kĂžyra i den nest beste vogna si, og dei ropa framfor han: «BĂžy kne!» Slik sette farao han over heile Egypt. 44Og han sa til Josef: «Eg er farao, men utan lĂžyve frĂ„ deg skal ingen lyfta hand eller fot i heile Egypt.» 45Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Sidan drog Josef omkring i Egypt. 46Josef var tretti Ă„r gammal dĂ„ han steig fram for farao, kongen i Egypt. SĂ„ drog Josef bort frĂ„ farao og reiste over heile Egypt. 47Jorda bar sĂ„ det bogna dei sju Ă„ra det var overflod. 48Han samla allslags grĂžde i dei sju Ă„ra landet fekk, og han lagra henne i byane. I kvar by lagra han grĂžda frĂ„ markene omkring. 49Slik samla Josef treskt korn i mengder sĂ„ store som havsens sand, heilt til han gav opp Ă„ rekna, for det lĂ©t seg ikkje rekna. 50FĂžr det fĂžrste Ă„ret med hungersnaud kom, fekk Josef to sĂžner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On. 51Den fĂžrstefĂždde kalla han Manasse. «For Gud har late meg glĂžyma alt mitt strev og heile farshuset mitt.» 52Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjort meg fruktbar i landet der eg vart plaga.» 53Dei sju gode Ă„ra i Egypt tok slutt. 54SĂ„ byrja dei sju Ă„ra med hungersnaud, slik Josef hadde sagt. Det vart hungersnaud i alle land, men i heile Egypt fanst det mat. 55DĂ„ heile Egypt leid av svolt, ropa folk til farao etter brĂžd. Han sa til dei: «GĂ„ til Josef og gjer det han seier dykk!» 56Det vart hungersnaud over heile jorda. DĂ„ opna Josef alle lagera og selde korn til egyptarane, for hungersnauda var hard i Egypt. 57Og heile verda kom til Egypt for Ă„ kjĂžpa korn frĂ„ Josef, for hungersnauda var hard over heile jorda. 1DĂ„ Jakob fekk vita at det var korn i Egypt, sa han til sĂžnene sine: «Kvifor sit de og ser pĂ„ kvarandre? 2Eg hĂžyrer», sa han, «at det er korn i Egypt. Dra dit ned og kjĂžp korn til oss, sĂ„ vi kan leva og ikkje dĂžy!» 3Ti av brĂžrne til Josef drog dĂ„ for Ă„ kjĂžpa korn i Egypt. 4Men Jakob sende ikkje Benjamin, bror til Josef, av stad med brĂžrne, for han sa: «Han kunne bli ramma av ei ulukke.» 5SĂ„leis var Israels sĂžner blant dei som kom for Ă„ kjĂžpa korn, for det var hungersnaud i Kanaan. 6No var det Josef som styrte landet, og det var han som selde korn til folket der. BrĂžrne til Josef kom og kasta seg ned for han med andletet mot jorda. 7DĂ„ Josef sĂ„g brĂžrne sine, kjende han dei att, men han lĂ©t som om han ikkje kjende dei. Han tala strengt til dei: «Kvar kjem de frĂ„?» Dei svara: «Vi kjem frĂ„ landet Kanaan for Ă„ kjĂžpa mat.» 8Josef kjende att brĂžrne sine, men dei kjende ikkje han. 9Han kom i hug draumane han hadde hatt om dei, og sa: «De er spionar! De er komne for Ă„ sjĂ„ kvar landet ligg ope.» 10«Nei, herre», svara dei, «tenarane dine er komne for Ă„ kjĂžpa mat. 11Vi er alle sĂžnene til ein og same mannen. Vi er ĂŠrlege folk! Tenarane dine er ikkje spionar.» 12Men han svara dei: «Jau, de er komne for Ă„ sjĂ„ kvar landet ligg ope.» 13DĂ„ sa dei: «Tenarane dine var tolv brĂžr, sĂžnene til ein og same mannen i Kanaan. Den yngste er hos far vĂ„r i dag, og ein er ikkje meir.» 14Men Josef sa til dei: «Det er som eg har sagt: De er spionar! 15Slik skal de bli sette pĂ„ prĂžve: SĂ„ sant farao lever, de slepp ikkje herifrĂ„ utan at yngste bror dykkar kjem hit! 16Lat ein av dykk reisa og henta bror dykkar, medan de andre blir verande her som fangar. Slik skal det prĂžvast om de talar sant. Gjer de ikkje det, er de spionar, sĂ„ sant som farao lever.» 17SĂ„ heldt han dei i forvaring i tre dagar. 18Tredje dagen sa Josef til dei: «Gjer de som eg seier, skal de fĂ„ leva, for eg fryktar Gud. 19No fĂ„r vi sjĂ„ om de er ĂŠrlege. Ein av brĂžrne dykkar skal vera att i forvaring medan de andre skal dra i veg med korn til dei som svelt heime hos dykk. 20Kom sĂ„ hit til meg med yngste bror dykkar. DĂ„ er ordet dykkar til Ă„ lita pĂ„, og de skal sleppa Ă„ dĂžy.» Og sĂ„leis gjorde dei. 21Dei sa til kvarandre: «Sanneleg, vi er skuldige! Vi sĂ„g at bror vĂ„r var i stor naud dĂ„ han bad oss om nĂ„de, men vi hĂžyrde ikkje pĂ„ han. Difor er vi ĂČg no komne i naud.» 22Ruben svara dei: «Sa eg ikkje at de ikkje mĂ„tte gjera guten noko vondt? Men de ville ikkje hĂžyra, sĂ„ no blir det kravd hemn for blodet hans.» 23Dei visste ikkje at Josef skjĂžna dette, for han brukte tolk. 24Og han snudde seg frĂ„ dei og gret. SĂ„ kom han att og tala med dei. Og han tok Simon og batt han framfor auga deira. 25Josef baud at sekkene deira skulle fyllast med korn. Pengane skulle leggjast tilbake i sekkene, og dei skulle fĂ„ mat med pĂ„ vegen. Og slik vart det gjort. 26SĂ„ leste dei kornet pĂ„ esla og drog derifrĂ„. 27Men ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fĂŽr der dei overnatta. DĂ„ fekk han auge pĂ„ pengane, for dei lĂ„g Ăžvst i sekken. 28Han sa til brĂžrne: «Pengane mine er lagde tilbake! SjĂ„, dei ligg i sekken min!» Med hjartet i halsen sa dei skjelvande til kvarandre: «Kva er det Gud har gjort mot oss?» 29SĂ„ kom dei heim til far sin Jakob i Kanaan. Dei fortalde han alt det som hadde hendt dei: 30«Mannen som er herre i landet, tala strengt til oss og tok oss for Ă„ vera slike som ville spionera der i landet. 31DĂ„ sa vi til han: Vi er ĂŠrlege folk og ikkje spionar. 32Vi var tolv brĂžr, sĂžner av same far. Ein av oss er ikkje meir, og den yngste er i dag heime hos far vĂ„r i Kanaan. 33Mannen som er herre i landet, sa dĂ„ til oss: Slik skal eg vita om de er ĂŠrlege: Lat ein av brĂžrne bli att hos meg, ta sĂ„ med dykk det de treng til dei som svelt heime hos dykk, og dra i veg. 34Kom sĂ„ til meg med den yngste bror dykkar. DĂ„ kan eg vita at de ikkje er spionar, men ĂŠrlege folk. SĂ„ skal de fĂ„ att bror dykkar, og de kan handla fritt i landet.» 35DĂ„ dei tĂžmde sekkene, fann kvar av dei pengepungen sin der. BĂ„de dei og far deira vart redde dĂ„ dei fekk auge pĂ„ pengepungane. 36Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er ikkje meir, Simon er ikkje meir, og no vil de ta Benjamin. Alt gĂ„r meg imot.» 37DĂ„ sa Ruben til far sin: «Du kan ta livet av begge sĂžnene mine dersom eg ikkje kjem att til deg med Benjamin. Gjev han over i mi hand, og eg skal fĂžra han tilbake!» 38Men han svara: «Son min skal ikkje dra ned saman med dykk. Bror hans er dĂžd, og han er Ă„leine att. Blir han ramma av ei ulukke pĂ„ reisa de no legg ut pĂ„, dĂ„ sender de meg grĂ„hĂ„ra og sorgtung ned i dĂždsriket.» 1Hungersnauda lĂ„g tungt over landet. 2DĂ„ dei hadde brukt opp kornet dei henta i Egypt, sa far deira: «Dra av stad att og kjĂžp litt mat til oss!» 3Men Juda svara: «Mannen Ă„tvara oss og sa: De fĂ„r ikkje tre fram for meg om ikkje bror dykkar er med dykk. 4Dersom du sender bror vĂ„r med oss, skal vi dra ned og kjĂžpa mat til deg. 5Men dersom du ikkje gjer det, dreg vi ikkje. For mannen sa til oss: De fĂ„r ikkje tre fram for meg utan at bror dykkar er med dykk.» 6DĂ„ sa Israel: «Kvifor gjorde de meg vondt og fortalde mannen at de har endĂ„ ein bror?» 7Dei svara: «Mannen spurde oss nĂžye ut bĂ„de om oss sjĂžlve og om slekta vĂ„r. Han sa: Lever far dykkar enno? Har de nokon bror? Og vi svara pĂ„ det han spurde om. Korleis kunne vi vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!» 8DĂ„ sa Juda til Israel, far sin: «Send guten med meg! Lat oss bryta opp og dra av stad, sĂ„ vi kan leva og ikkje dĂžy, bĂ„de vi, du og borna vĂ„re. 9Eg skal svara for han; frĂ„ mi hand kan du krevja han att. Kjem eg ikkje att med han og set han framfor deg, vil eg vera skuldig for deg heile mitt liv. 10Hadde vi ikkje drygd sĂ„ lenge, kunne vi no ha nĂ„dd fram og tilbake to gonger.» 11DĂ„ sa Israel, far deira, til dei: «Er det ikkje anna rĂ„d, sĂ„ gjer slik: Ta med i sekkene dykkar ei gĂ„ve til mannen, noko av det beste som finst i landet, litt balsam og litt honning, gummi og harpiks, pistasjnĂžtter og mandlar! 12Og ta dobbelt sĂ„ mange pengar med dykk, sĂ„ de kan levera tilbake pengane de fekk att, dei som lĂ„g Ăžvst i sekkene. Kanskje det var eit mistak. 13Ta sĂ„ bror dykkar, bryt opp og dra tilbake til mannen! 14MĂ„tte Gud, Den veldige, la dykk finna miskunn hos denne mannen, sĂ„ han sender med dykk den andre bror dykkar og Benjamin. Skal eg bli barnlaus, sĂ„ blir eg barnlaus.» 15SĂ„ tok mennene med seg denne gĂ„va, dobbelt sĂ„ mange pengar, og Benjamin. Dei braut opp og drog ned til Egypt og steig fram for Josef. 16DĂ„ Josef sĂ„g at Benjamin var med dei, sa han til styraren for huset sitt: «FĂžr desse mennene heim, slakt og stell til, for dei skal eta hos meg ved middagstid!» 17Mannen gjorde som Josef sa. Han tok dei med inn i huset til Josef. 18Men dĂ„ dei vart fĂžrte inn i huset til Josef, vart dei redde. Dei sa: «Det er vel pĂ„ grunn av pengane som vart lagde tilbake i sekkene vĂ„re fĂžrre gongen, at vi blir fĂžrte hit. No kan dei overfalla oss, kasta seg over oss, gjera oss til slavar og ta esla vĂ„re.» 19Dei gjekk bort til styraren for Josefs hus og tala med han ved inngangen til huset. 20«Orsak, herre», sa dei, «vi har vore her nede ein gong fĂžr og kjĂžpt mat. 21Men dĂ„ vi slo leir for natta og opna sekkene vĂ„re, fann kvar av oss pengane Ăžvst i sekken, det var vĂ„re eigne pengar i si fulle vekt. No har vi dei med oss attende. 22Vi har ĂČg med oss meir pengar til Ă„ kjĂžpa mat for. Vi veit ikkje kven som la pengane i sekkene vĂ„re.» 23DĂ„ sa han: «Fred vere med dykk, ver ikkje redde! Dykkar Gud, Gud til far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Pengane dykkar har eg fĂ„tt.» SĂ„ fĂžrte han Simon ut til dei. 24Sidan fĂžrte mannen dei inn i huset til Josef. Han gav dei vatn sĂ„ dei fekk vaska fĂžtene, og han gav fĂŽr til esla deira. 25Og dei gjorde gĂ„va klar fĂžr Josef skulle koma ved middagstid, for dei hadde hĂžyrt at dei skulle eta der. 26SĂ„ kom Josef heim, og dei bar fram gĂ„va dei hadde med seg inn i huset, og kasta seg til jorda for han. 27Han spurde korleis det stod til med dei. SĂ„ sa han: «StĂ„r det bra til med den gamle far dykkar som de tala om? Lever han enno?» 28«Ja», svara dei, «det stĂ„r bra til med far vĂ„r, tenaren din, han lever enno.» Dei bĂžygde seg og kasta seg ned for han. 29DĂ„ fekk han auge pĂ„ Benjamin, bror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, han de fortalde meg om? Gud vere deg nĂ„dig, son min!» 30Josef skunda seg bort, for kjĂŠrleiken til broren loga opp i han, sĂ„ han mĂ„tte grĂ„ta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret. 31SĂ„ vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han la band pĂ„ seg og sa: «Set fram maten!» 32Dei sette fram for han og for brĂžrne og for egyptarane som Ă„t hos han, kvar for seg. For egyptarane kunne ikkje eta i lag med hebrearane; det var noko avskyeleg for dei. 33BrĂžrne fekk sitja rett framfor Josef, den eldste Ăžvst og den yngste nedst. DĂ„ sĂ„g dei pĂ„ kvarandre og undrast. 34Han lĂ©t dei fĂ„ av rettene pĂ„ sitt eige bord, og han lĂ©t Benjamin fĂ„ fem gonger sĂ„ mykje som dei andre. Og dei drakk seg fulle saman med han. 1Sidan sa Josef til styraren for huset sitt: «Fyll sekkene til desse mennene med korn, sĂ„ mykje dei orkar Ă„ bera, og legg pengane til kvar av dei Ăžvst i sekken! 2Legg sĂ„ begeret mitt, sĂžlvbegeret, Ăžvst i sekken til den yngste, saman med kornpengane hans!» Og han gjorde som Josef sa. 3DĂ„ det vart lyst neste morgon, vart dei sende av stad med esla sine. 4Dei drog ut frĂ„ byen, men var ikkje komne langt fĂžr Josef sa til styraren: «Set etter mennene! NĂ„r du tek dei att, skal du seia: Kvifor lĂžner de godt med vondt? 5Er ikkje dette det begeret som herren min drikk av, og som han spĂ„r i? Det er vondt, det de har gjort!» 6Han tok dei att og sa dette til dei. 7Men dei svara han: «Kvifor seier herren vĂ„r dette? Det kunne ikkje falla tenarane dine inn Ă„ gjera noko slikt! 8SjĂ„, pengane vi fann Ăžvst i sekkene vĂ„re, tok vi med oss tilbake til deg frĂ„ Kanaan. Kvifor skulle vi stela sĂžlv eller gull frĂ„ huset til herren din? 9Den av tenarane dine som begeret blir funne hos, skal dĂžy, og vi andre skal vera slavar for herren vĂ„r.» 10Han svara: «Det skal bli som de seier denne gongen ĂČg. Den som begeret blir funne hos, skal vera slaven min, de andre skal vera utan skuld.» 11SĂ„ skunda dei seg og lyfte kvar sin sekk ned pĂ„ jorda og opna dei. 12Han undersĂžkte dei, byrja hos den eldste og enda hos den yngste. Og begeret vart funne i sekken til Benjamin. 13DĂ„ reiv dei sund kleda sine, leste pĂ„ kvart sitt esel og drog tilbake til byen. 14DĂ„ Juda og brĂžrne hans kom inn i huset til Josef, var Josef der enno. Og dei kasta seg til jorda for han. 15Josef sa til dei: «Kva er det de har gjort? Veit de ikkje at ein mann som eg kan spĂ„?» 16«Kva skal vi svara, herre?» sa Juda. «Kva kan vi seia? Korleis kan vi visa at vi er skuldlause? Gud har funne skuld hos tenarane dine. No er vi slavane dine, herre, bĂ„de vi og han begeret vart funne hos.» 17Men Josef sa: «Det kunne ikkje falla meg inn Ă„ gjera slikt! Mannen som hadde begeret, skal vera slaven min. De andre kan dra opp til far dykkar.» 18DĂ„ gjekk Juda bort til han og sa: «Orsak, herre. HĂžyr kva tenaren din har Ă„ seia, og bli ikkje sint pĂ„ tenaren din, du er dĂ„ sjĂžlv lik farao. 19Herren min spurde tenarane sine: Har de nokon far eller bror? 20Og vi svara: Vi har ein gammal far, og han fekk ein gut pĂ„ sine gamle dagar. Bror til guten er dĂžd, og han er Ă„leine att etter mor si. Far hans elskar han. 21DĂ„ sa du til tenarane dine: Kom ned til meg med han sĂ„ eg kan sjĂ„ han med eigne auge! 22Men vi svara herren vĂ„r: Guten kan ikkje gĂ„ frĂ„ far sin; gjer han det, dĂžyr faren. 23Men du sa til tenarane dine: Kjem ikkje yngste bror dykkar hit saman med dykk, skal de ikkje fĂ„ tre fram for meg. 24DĂ„ vi sĂ„ kom heim att til far vĂ„r, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre. 25Han sa: Dra av stad att og kjĂžp litt mat til oss. 26Vi svara: Vi kan ikkje dra ned utan at den yngste bror vĂ„r er med. Dreg vi utan bror vĂ„r, fĂ„r vi ikkje sjĂ„ mannen. 27DĂ„ sa far vĂ„r, tenaren din, til oss: De veit at kona mi fĂždde meg to sĂžner. 28Den eine vart borte for meg. Eg sa at han sikkert var riven i hel, og eg har ikkje sett han sidan. 29Om de ĂČg tek denne frĂ„ meg og det skulle skje ei ulukke med han, dĂ„ sender de meg grĂ„hĂ„ra og sorgtung ned i dĂždsriket. 30Kjem eg no til far min, tenaren din, utan guten som han med heile si sjel er sĂ„ knytt til, 31dĂ„ dĂžyr han nĂ„r han ser at guten ikkje er med oss. Tenarane dine kjem til Ă„ senda far vĂ„r, tenaren din, grĂ„hĂ„ra og sorgtung ned i dĂždsriket. 32For eg, tenaren din, svara for ungguten framfor far vĂ„r og sa: Kjem eg ikkje att til deg med han, er eg skuldig for far min heile mitt liv. 33Lat no tenaren din vera att som slave for herren min i staden for guten. SĂ„ kan han dra opp saman med brĂžrne sine. 34For korleis skulle eg kunna dra opp til far min utan guten og sjĂ„ den sorga som dĂ„ ville koma over han?» 1DĂ„ kunne ikkje Josef leggja band pĂ„ seg lenger for alle dei som stod omkring han. Han ropa: «Lat alle gĂ„ ut herifrĂ„!» SĂ„leis var det ingen andre til stades dĂ„ Josef lĂ©t brĂžrne sine fĂ„ vita kven han var. 2Han brast i grĂ„t sĂ„ hĂžgt at egyptarane hĂžyrde det, og huset til farao fekk hĂžyra om det. 3SĂ„ sa Josef til brĂžrne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brĂžrne kunne ikkje svara han; dei stod framfor han, slegne av skrekk. 4Josef sa til dei: «Kom hit til meg!» Dei gjekk bort til han, og han sa:Eg er Josef, bror dykkar, han de selde til Egypt. 5Ver no ikkje sorgfulle og dĂžm ikkje dykk sjĂžlve fordi de selde meg. Det var for Ă„ berga liv at Gud sende meg fĂžre dykk. 6I to Ă„r har det vore hungersnaud i landet, og i enno fem Ă„r skal det korkje bli plĂžgd eller hausta. 7Men Gud sende meg i fĂžrevegen for Ă„ la dykk bli ein rest pĂ„ jorda, sĂ„ de skal leva og mange bli berga. 8SĂ„ det var ikkje de som sende meg hit, men Gud. Han sette meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt. 9Skund dykk, dra opp til far og sei: SĂ„ seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje! 10Du skal fĂ„ bu i Gosen og vera nĂŠr meg, bĂ„de du og borna og barneborna dine, smĂ„feet og storfeet ditt og alt du eig. 11Eg skal syta for deg der, for enno kjem det fem Ă„r med hungersnaud. Korkje du eller ditt hus eller nokon av dine skal lida naud.» 12No ser de med eigne auge, bĂ„de de og Benjamin, bror min, at det er eg som talar til dykk. 13Fortel far min om all den ĂŠre og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett. Skund dykk, kom hit ned med far. 14SĂ„ kasta han seg om halsen pĂ„ Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret pĂ„ skuldra hans. 15Han kyste alle brĂžrne sine og gret med dei. Etter dette tala brĂžrne med han. 16DĂ„ dei fekk hĂžyra i huset til farao at brĂžrne til Josef var komne, vart farao og tenarane hans glade. 17Farao sa til Josef: «Sei til brĂžrne dine: Dette skal de gjera: Less pĂ„ dyra dykkar og far heim att til Kanaan! 18Ta sĂ„ far dykkar og huslydane dykkar og kom til meg. SĂ„ skal eg gje dykk det beste landet i Egypt, og de skal eta av det feitaste i landet. 19Du skal by dei Ă„ gjera dette: Ta med vogner frĂ„ Egypt til kvinnene og borna! Hent far dykkar og kom hit! 20De skal ikkje bry dykk om tinga de eig, for det beste i heile Egypt skal hĂžyra dykk til.» 21Israels sĂžner gjorde sĂ„. Josef gav dei vogner, slik farao hadde sagt, og mat pĂ„ vegen. 22Han gav nye klede til kvar av dei. Til Benjamin gav han tre hundre sjekel sĂžlv og fem klesskift. 23Til far sin sende han ti esel med noko av det beste som fanst i Egypt, og ti eselhopper som bar treskt korn og brĂžd og mat som faren skulle ha pĂ„ reisa. 24SĂ„ sende han brĂžrne sine av garde. DĂ„ dei drog, sa han: «De mĂ„ ikkje krangla pĂ„ vegen!» 25Dei drog opp frĂ„ Egypt og kom til far sin, Jakob, i Kanaan. 26Dei fortalde: «Josef lever. Han er styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjartet, for han trudde dei ikkje. 27DĂ„ fortalde dei han alt det Josef hadde sagt dei, og han fekk sjĂ„ vognene som Josef hadde sendt for Ă„ henta han. DĂ„ livna Jakob til. 28«Dette er stort!» sa Israel. «Josef, son min, lever enno! Eg vil reisa og sjĂ„ han fĂžr eg dĂžyr.» 1SĂ„ braut Israel opp med alt det han hadde. DĂ„ han kom til Beer-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud til Isak, far hans. 2Gud tala til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Her er eg.» 3SĂ„ sa han: «Eg er Gud, Gud til far din. Ver ikkje redd for Ă„ dra ned til Egypt, for eg vil gjera deg til eit stort folk der. 4Eg gĂ„r med deg ned til Egypt, men eg skal fĂžra deg opp att ĂČg. Og handa til Josef skal lukka auga dine.» 5SĂ„ reiste Jakob frĂ„ Beer-Sjeba. Israels-sĂžnene lyfte Jakob, far sin, kvinnene og borna opp i vognene som farao hadde sendt for Ă„ henta han. 6Dei tok med seg buskapen og alle eigedelane dei hadde samla seg i Kanaan. SĂ„ kom Jakob og heile ĂŠtta hans med han til Egypt. 7Han hadde med seg heile ĂŠtta si til Egypt, sĂžnene og sonesĂžnene, dĂžtrene og sonedĂžtrene. 8Dette er namna pĂ„ israelittane som kom til Egypt, Jakob og etterkomarane hans: Ruben, den fĂžrstefĂždde sonen til Jakob 9og sĂžnene hans: Henok, Pallu, Hesron og Karmi; 10sĂžnene til Simon: Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, son til ei kvinne frĂ„ Kanaan; 11sĂžnene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari; 12sĂžnene til Juda: Er, Onan, Sjela, Peres og Serah – Er og Onan dĂžydde i Kanaan; Peres hadde sĂžnene Hesron og Hamul; 13sĂžnene til Jissakar: Tola, Puvva, Job og Sjimron; 14sĂžnene til Sebulon: Sered, Elon og Jahleel. 15Dette var sĂžnene til Lea, som ho fĂždde Jakob i Paddan-Aram. I tillegg fekk ho dottera Dina. I alt var det trettitre sĂžner og dĂžtrer. 16SĂžnene til Gad: Sifjon, Haggi, Sjuni, Esbon, Eri, Arodi og Areli; 17sĂžnene til Asjer: Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria, dessutan Serah, syster deira. Beria hadde sĂžnene Heber og Malkiel. 18Dette var borna til Silpa, som Laban gav Lea, dotter si. Desse fĂždde ho Jakob, seksten i talet. 19SĂžnene til Rakel, kona til Jakob, var Josef og Benjamin. 20Josef fekk born i Egypt. Asenat, dotter til presten i On, Potifera, fĂždde han Manasse og Efraim. 21SĂžnene til Benjamin: Bela, Beker, Asjbel, Gera, Naaman, Ehi, Rosj, Muppim, Huppim og Ard. 22Dette var sĂžnene til Rakel, som ho fĂždde Jakob, fjorten i talet. 23Son til Dan: Husjim; 24sĂžnene til Naftali: Jahseel, Guni, Jeser og Sjillem. 25Dette var sĂžnene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Desse fĂždde ho Jakob, sju i talet. 26Dei som kom med Jakob til Egypt, og som stamma frĂ„ han, var sekstiseks i talet, forutan sonekonene hans. 27Josef hadde to sĂžner som vart fĂždde i Egypt. Dei som kom med Jakobs hus til Egypt, var sytti i talet. 28Jakob sende Juda fĂžre seg til Josef for at han skulle visa veg til Gosen. Og dei kom til landet Gosen. 29Josef spente for vogna og drog opp for Ă„ mĂžta Israel, far sin, i Gosen. DĂ„ han fekk sjĂ„ han, kasta han seg om halsen pĂ„ han og gret lenge pĂ„ skuldra hans. 30SĂ„ sa Israel til Josef: «No kan eg dĂžy, for no har eg sett andletet ditt og veit at du enno lever!» 31Josef sa til brĂžrne sine og dei andre i familien: Eg vil dra opp og fortelja dette til farao. Eg vil seia at brĂžrne mine og familien min, som var i Kanaan, har kome til meg. 32Mennene er gjetarar og lever av buskapen sin. SmĂ„feet og storfeet og alt dei eig, har dei teke med seg. 33NĂ„r sĂ„ farao kallar pĂ„ dykk og spĂžr: «Kva har de til leveveg?» 34skal de svara: «Tenarane dine har levd av buskapen frĂ„ ungdomen av og til no, vi som fedrane vĂ„re.» DĂ„ fĂ„r de bu i Gosen, for gjetarar er noko avskyeleg for egyptarane. 1Josef gjekk og fortalde dette til farao. Han sa: «Far min og brĂžrne mine er komne frĂ„ Kanaan med smĂ„feet og storfeet sitt og alt dei eig. No er dei i Gosen.» 2Han tok ut fem av brĂžrne sine og fĂžrte dei fram for farao. 3Farao sa til brĂžrne: «Kva har de til leveveg?» Dei svara han: «Tenarane dine er gjetarar, vi som fedrane vĂ„re. 4Vi er komne for Ă„ bu her i landet», sa dei til farao. «Tenarane dine fann ikkje beite for smĂ„feet sitt, for hungersnauda lĂ„g tungt over Kanaan. Lat no tenarane dine fĂ„ bu i Gosen!» 5DĂ„ sa farao til Josef: «Far din og brĂžrne dine er komne til deg. 6Heile Egypt ligg ope framfor deg. Lat far din og brĂžrne dine bu i den beste delen av landet! Dei kan bu i Gosen. Og veit du at det finst dugande folk blant dei, sĂ„ gjev dei ansvaret for buskapen min.» 7Josef henta far sin og fĂžrte han fram for farao, og Jakob helsa farao. 8«Kor gammal er du?» spurde farao. 9Jakob svara: «Eg har vandra omkring som ein framand i 130 Ă„r. FĂ„ og vonde har leveĂ„ra mine vore. Dei har vore fĂŠrre enn leveĂ„ra til fedrane mine den tid dei vandra omkring.» 10SĂ„ velsigna Jakob farao og gjekk bort frĂ„ han. 11Josef lĂ©t far sin og brĂžrne sine busetja seg i Egypt. Han gav dei eigedom i den beste delen av landet, i Ramses, slik som farao hadde sagt. 12Og Josef sytte for mat til far sin og brĂžrne sine og heile familien til far sin, alt etter talet pĂ„ borna deira. 13Det fanst ikkje mat i heile landet, for hungersnauda var svĂŠrt hard. Egypt og Kanaan var avkrefta av svolt. 14Josef samla dĂ„ alle pengane som fanst i Egypt og Kanaan, det folk hadde gjeve for kornet dei hadde kjĂžpt, og Josef tok pengane med til huset Ă„t farao. 15Men dĂ„ det var slutt pĂ„ pengane i Egypt og Kanaan, kom alle egyptarane til Josef og sa: «Gjev oss mat! Skal vi dĂžy for auga dine? Vi har ikkje meir pengar.» 16Josef svara: «Kom hit med buskapen dykkar. Eg vil gje dykk korn for buskapen dersom det er slutt pĂ„ pengane.» 17DĂ„ kom dei til Josef med buskapen sin, og Josef gav dei korn for hestane, smĂ„feet, storfeet og esla. Slik sytte han for korn til dei det Ă„ret, i byte mot heile buskapen deira. 18Året gjekk, og Ă„ret etter kom dei til han og sa: «Vi vil ikkje lĂžyna for herren vĂ„r at det er slutt pĂ„ pengane og buskapen. No har vi ikkje anna Ă„ by deg enn oss sjĂžlve og jorda vĂ„r. 19Kvifor skal vi dĂžy for auga dine, bĂ„de vi og jorda vĂ„r? KjĂžp oss og jorda vĂ„r i byte for mat, sĂ„ skal vi med jorda vĂ„r vera slavar for farao! Gjev oss sĂ„korn, sĂ„ vi kan leva og ikkje dĂžy, og jorda vĂ„r ikkje blir lagd aud!» 20Og Josef kjĂžpte all jord i Egypt til farao. Egyptarane selde alle Ă„krane sine, for hungersnauda var hard. Slik vart farao eigar av all jord i landet. 21Folket flytte han til byane, frĂ„ den eine enden av Egypt til den andre. 22Berre jorda til prestane kjĂžpte han ikkje, for prestane hadde ei fastsett inntekt frĂ„ farao. Dei Ă„t av det han gav dei, og selde difor ikkje jorda si. 23Josef sa til folket: «I dag har eg kjĂžpt dykk og jorda dykkar til farao. Her har de sĂ„korn slik at de kan sĂ„ til Ă„krane! 24De skal gje farao ein femtedel av avlinga. Dei fire andre delane skal de ha til sĂ„korn og mat for dykk og huslydane og borna dykkar.» 25DĂ„ svara dei: «Du har berga livet vĂ„rt. Berre du ser pĂ„ oss med velvilje, herre, skal vi vera slavar for farao.» 26SĂ„ gjorde Josef dette til ei lov som gjeld den dag i dag for jorda i Egypt, at farao skulle ha ein femtedel. Berre jorda til prestane hĂžyrde ikkje farao til. 27Israel vart buande i Egypt, i Gosen. Dei fekk seg eigedom der, var fruktbare og vart svĂŠrt talrike. 28Jakob levde 17 Ă„r i Egypt. Han levde i 147 samfulle Ă„r. 29DĂ„ det nĂŠrma seg tida dĂ„ Israel skulle dĂžy, kalla han pĂ„ Josef, son sin, og sa: «Om du har velvilje for meg, sĂ„ legg handa di i fanget mitt. Ver god og trufast mot meg sĂ„ du ikkje gravlegg meg i Egypt! 30NĂ„r eg gĂ„r til kvile hos fedrane mine, fĂžr meg dĂ„ opp frĂ„ Egypt og legg meg i grava deira!» «Eg skal gjera som du seier», svara Josef. 31DĂ„ sa Jakob: «Sver pĂ„ det for meg!» Og han svor pĂ„ det. SĂ„ bĂžygde Israel seg i bĂžn ved hovudgjerda. 1Ei tid etter dette hadde hendt, vart det sagt til Josef: «Far din er sjuk.» DĂ„ tok han med seg dei to sĂžnene sine, Manasse og Efraim. 2Det vart meldt til Jakob at Josef, son hans, var komen til han. DĂ„ gjorde Israel seg sterk og sette seg opp i senga. 3Jakob sa til Josef:Gud, Den veldige, synte seg for meg i Lus i Kanaan og velsigna meg. 4Han sa til meg: «SjĂ„, eg vil gjera deg fruktbar og talrik og gjera deg til ei forsamling av mange folk. Eg gjev etterkomarane dine dette landet i eige til evig tid.» 5No skal dei to sĂžnene som du fekk i Egypt fĂžr eg kom hit, hĂžyra meg til. Efraim og Manasse skal hĂžyra meg til slik Ruben og Simon gjer. 6Men dei borna du fekk etter dei, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brĂžrne sine i det landet dei skal arva. 7DĂ„ eg kom frĂ„ Paddan, dĂžydde Rakel frĂ„ meg pĂ„ reisa. Det var i Kanaan, eit stykke fĂžr vi kom til Efrat. Eg gravla henne der pĂ„ veg til Efrat, det er Betlehem. 8SĂ„ fekk Israel sjĂ„ sĂžnene til Josef. «Kven er desse?» spurde han. 9Josef svara: «Det er sĂžnene mine, som Gud har gjeve meg her.» DĂ„ sa Jakob: «Kom til meg med dei, sĂ„ eg kan velsigna dei!» 10Israels auge var tyngde av alder, sĂ„ han kunne mest ikkje sjĂ„. Josef fĂžrte dei til han, og far hans kyste dei og slo armane rundt dei. 11Israel sa til Josef: «Eg trudde ikkje eg skulle fĂ„ sjĂ„ andletet ditt att, men no har Gud endĂ„til late meg fĂ„ sjĂ„ borna dine!» 12SĂ„ tok Josef dei ned frĂ„ fanget hans og bĂžygde seg med andletet mot jorda. 13Sidan tok Josef begge to og leidde dei fram til han, Efraim i den hĂžgre handa, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre handa, til hĂžgre for Israel. 14Men Israel strekte ut den hĂžgre handa og la henne pĂ„ hovudet til Efraim, endĂ„ han var yngst, og den venstre la han pĂ„ hovudet til Manasse. Han kryssa altsĂ„ armane. Men Manasse var den eldste. 15SĂ„ velsigna han Josef og sa: «Fedrane mine, Abraham og Isak, levde for Guds andlet. Gud har vore min hyrding frĂ„ fĂžrste stund til denne dag, 16engelen som har lĂžyst meg ut frĂ„ alt vondt. MĂ„ han velsigna gutane! Gjennom dei skal namnet mitt leva, og namnet til Abraham og Isak, fedrane mine. MĂ„tte dei veksa og bli talrike i landet!» 17Josef sĂ„g at faren la hĂžgre handa pĂ„ hovudet til Efraim, og han mislika det. Han tok handa til far sin og ville flytta henne frĂ„ hovudet til Efraim til hovudet til Manasse. 18«Ikkje slik, far!» sa Josef til far sin. «For dette er den fĂžrstefĂždde, legg hĂžgre handa pĂ„ hovudet hans!» 19Men faren nekta. Han sa: «Eg veit det, son min, eg veit det! Han skal ĂČg bli til eit folk, han skal ĂČg bli stor, men bror hans, som er yngre, skal bli stĂžrre. Ætta hans skal bli til mange folkeslag.» 20SĂ„ velsigna han dei den dagen og sa: «Ved deg skal Israel velsigna og seia: MĂ„tte Gud gjera deg som Efraim og Manasse!»Han sette altsĂ„ Efraim fĂžre Manasse. 21Sidan sa Israel til Josef: «No skal eg dĂžy. Men Gud vil vera med dykk og fĂžra dykk tilbake til landet Ă„t fedrane dykkar. 22Eg gjev deg ein bergrygg meir enn brĂžrne dine. Den har eg med sverd og boge teke frĂ„ amorittane.» 1Jakob kalla sĂžnene sine til seg og sa: Kom saman, sĂ„ vil eg fortelja kva som skal henda dykk i dagar som kjem: 2Kom saman og hĂžyr, de Jakobs sĂžner, hĂžyr pĂ„ Israel, far dykkar! 3Ruben, du er min fĂžrstefĂždde, mi kraft og den fĂžrste frukta av min manndom, stĂžrst i heider, stĂžrst i makt. 4Men du brusar over som vatnet, difor skal du ingen fĂžremon ha. For dĂ„ du steig opp i senga til far din, vanĂŠra du henne – i leiet mitt steig han opp. 5Simon og Levi er brĂžr. VĂ„pna deira er reiskapar for vald. 6Mi sjel, mĂžt ikkje i deira rĂ„d! Mi ĂŠre, ver ikkje med i deira forsamling! For i sinne drap dei menn, sjĂžlvrĂ„dige skamskar dei oksar. 7Forbanna er sinnet deira, for det er kraftig, og raseriet deira, for det er veldig! Eg vil splitta dei i Jakob og spreia dei ut i Israel. 8Juda, deg prisar brĂžrne dine, du har handa pĂ„ nakken til fienden, sĂžnene til far din bĂžyer seg for deg. 9Ein lĂžveunge er Juda! FrĂ„ byttet reiser du deg opp, son min. Han legg seg til ro og strekkjer seg som ei lĂžve, som ei lĂžvinne – kven vekkjer han? 10Septer skal ikkje vika frĂ„ Juda eller herskarstav frĂ„ fĂžtene hans til eigaren kjem, han som folka skal lyda. 11Han bind eselet i vinstokken, eselfolen i den edle ranka. Han vaskar kleda sine i vin, kjortelen i drueblod. 12Auga hans er mĂžrkare enn vin, tennene kvitare enn mjĂžlk. 13Sebulon bur ved havsens kyst, kysten der skipa legg til, grensa hans gĂ„r til Sidon. 14Jissakar er eit velbygd esel som ligg mellom to klĂžvkorger. 15Han sĂ„g at det var godt Ă„ kvila, og at landet var fagert. DĂ„ bĂžygde han nakken under bĂžra og vart ein ufri slave. 16Dan skal dĂžmma sitt folk som ein av Israels stammar. 17Dan skal vera ein slange ved vegen, ein giftig orm pĂ„ stigen. Han hĂžgg hesten i hĂŠlane sĂ„ ryttaren ryk pĂ„ ryggen. 18– Eg ventar pĂ„ di frelse, Herre. 19Gad blir herja av rĂžvarflokkar, men gĂ„r sjĂžlv til Ă„tak og forfĂžlgjer dei. 20FrĂ„ Asjer kjem det god mat, han set fram kongelege retter. 21Naftali er ei hind som spring fritt; han talar vakre ord. 22Josef er eit ungt frukttre, eit ungt frukttre ved kjelda; greinene kliv opp etter muren. 23Bogeskyttarane gjer han bitter, dei skyt pĂ„ han og strider mot han. 24Men bogen hans er stĂž, armar og hender er leduge takka vere Jakobs Mektige, han som er gjetaren, Israels Fjell, 25Gud til far din, han som hjelper deg, Den veldige, han som velsignar deg med signing frĂ„ himmelen der oppe, med signing frĂ„ djupet der nede, med signing frĂ„ bryst og morsliv. 26Velsigningane frĂ„ far din er rikare enn velsigningane frĂ„ dei evige fjella, enn herlegdomen til dei eldgamle hĂžgdene. Lat dei koma over Josefs hovud, over issen pĂ„ han som er fyrste blant brĂžrne sine! 27Benjamin er ein jagande ulv. Om morgonen et han rovet, om kvelden deler han byttet. 28Dette er alle Israels stammar, tolv i talet, og dette sa far deira til dei. Han velsigna dei og gav kvar av dei si eiga velsigning. 29Jakob gav dei dette pĂ„bodet: «No skal eg bli sameina med folket mitt. Gravlegg meg dĂ„ hos fedrane mine i hĂČla pĂ„ marka til hetitten Efron! 30Det er den hĂČla som er pĂ„ Makpela-marka, austafor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjĂžpte av hetitten Efron for Ă„ ha til gravstad. 31Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea. 32Marka og hĂČla der er kjĂžpte frĂ„ hetittane.» 33DĂ„ Jakob hadde gjeve sĂžnene sine dette pĂ„bodet, drog han fĂžtene opp i senga. SĂ„ anda han ut og vart sameina med folket sitt.

Les i nettbibelen