Hei!
Sveip til sidene for Ă„ velje historie, og bla deretter ned for Ă„ lese og hĂžyre historia.
Ein av byane sĂžr i Israel heitte Betlehem.
Namnet betyr «brÞdhuset».
Men no mangla dei brĂžd.
Ă
krane rundt Betlehem stod tĂžrre og svidde.
Folk svalt.
Noomi og mannen og dei to sĂžnene deira
forlét heimen sin og reiste til nabolandet Moab.
Der var det mykje korn.
Dei budde lenge i Moab, og sÄ dÞydde mennene.
Berre Noomi var igjen, saman med to svigerdĂžtrer
som ho ikkje kunne forsĂžrgje.
«Eg reiser tilbake til Betlehem, eg vil dÞy i landet mitt», sa ho,
men svigerdottera Rut fĂžlgde henne.
«Dit du gÄr, vil eg gÄ.
Ditt folk er mitt folk.
Din Gud er min Gud», sa Rut.
Folk strÞymde til byporten dÄ Noomi kom.
Ho sa: «Rik gjekk eg herifrÄ,
tomhendt kjem eg tilbake.»
Men Rut gjekk like bak henne,
ein utlending med to hjelpsame hender.
«Eg gÄr og plukkar aks pÄ Äkrane»,
sa Rut til svigermora.
«Vi fattige fÄr lov til det.»
Ho kom til Äkeren til Boas.
Han var den rikaste mannen i Betlehem,
og han var ein slektning av mannen hennar.
Boas sÄg det mÞrke hÄret til Rut glitre.
Han visste kor god ho var mot svigermora,
endÄ ho var ein framand.
Han lét mennene sine miste kornaks med vilje,
sÄ Rut fekk mykje Ä plukke.
Han gav henne sÄ mykje brÞd Ä ete
at ho hadde nok til Noomi ĂČg.
Heile hausten plukka ho kornaks hos Boas.
«Er det ikkje snart pÄ tide at du giftar deg?»
sa svigermora, og Rut raudna.
Ho visste at det var vanleg at enkjer
gifta seg igjen med ein av slektningane til mannen.
Dei kalla det lĂžysingsmann.
Noomi sa: «I kveld er det haustfest pÄ treskeplassen.
Vask deg, stell deg, gjer deg vakker,
ta pÄ deg dei finaste kleda dine,
og sÞrg for Ä leggje deg nÊr Boas i natt.»
Rut gjorde som ho blei bedd om.
Boas var der.
Han Ät og drakk og blei glad til sinns.
SĂ„ gjekk han og la seg ved kanten av kornhaugen.
Rut sÄg nÞye etter kvar Boas la seg.
I ly av mĂžrket smaug ho seg fram,
tok teppet vekk frÄ fÞtene hans
og la seg der.
DĂ„ han vakna og spurde
kven det var, sa ho:
«Brei kappa di over meg,
for du er lÞysingsmannen!»
Ho heldt pusten og lytta.
Ho visste at han hadde hĂžyrt:
«Gift deg med meg!»
Stemma hans var varm dÄ han svarte:
«Eg har ikkje fÞrsteretten
til Ă„ gifte meg med deg,
det er ein annan som har rett fĂžr meg.
Men eg skal ordne opp for deg.
Du kan vere trygg, du skal fÄ ein forsÞrgjar!»
Neste dag oppsĂžkte han lĂžysingsmannen.
Boas var glad dÄ lÞysingsmannen sa
at han ikkje ville ha Rut til kone,
for dÄ ville dei barna han no hadde,
fÄ mindre i arv etter han.
Men Boas ville gjerne ha Rut,
og han gifta seg med henne.
Saman fekk dei sonen Obed.
Rut tok den vesle guten i armane
og la han forsiktig pÄ fanget til Noomi.
«Du skal vere mor hans, han skal sÞrgje for deg»,
sa ho, og Noomi smilte frÄ Þyre til Þyre.
Alle nabokonene kom og slo hendene saman:
«Den svigerdottera di, ho er sjeldan,
ho er verd meir for deg enn sju sÞner!»
DĂ„ Obed blei vaksen, fekk han sonen Isai,
og dÄ Isai blei vaksen, fekk han sonen David,
kong David, den stĂžrste kongen over Israel.
Oldemor hans var ei innvandrarkvinne.
1I dei dagane dĂ„ dommarane styrte, vart det ein gong hungersnaud i landet. DĂ„ fĂłr ein mann frĂ„ Betlehem i Juda i veg med kona si og dei to sĂžnene sine for Ă„ slĂ„ seg ned i slettelandet Moab. 2Mannen heitte Elimelek, kona Noomi og dei to sĂžnene Mahlon og Kiljon. Dei var av Efrat-slekta, frĂ„ Betlehem i Juda. No kom dei til Moab og vart verande der. 3SĂ„ dĂžydde Elimelek, mannen til Noomi, og ho sat att med dei to sĂžnene sine. 4Dei tok seg moabittiske koner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Dei vart buande der i om lag ti Ă„r. 5SĂ„ dĂžydde ĂČg dei to sĂžnene, Mahlon og Kiljon, og Noomi sat att Ă„leine, utan sĂžner og utan mann. 6DĂ„ tok ho ut saman med svigerdĂžtrene sine for Ă„ venda heim frĂ„ slettelandet i Moab. For ho hadde hĂžyrt i Moab at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brĂžd. 7Ho gav seg i veg vekk frĂ„ staden der ho hadde budd. Begge svigerdĂžtrene fĂžlgde henne.Dei gav seg i veg for Ă„ venda attende til Juda. 8Men Noomi sa til dei to svigerdĂžtrene sine: «Vend attende, gĂ„, kvar til si mors hus! MĂ„tte Herren vera god mot dykk, slik de har vore gode mot dei dĂžde og mot meg! 9MĂ„tte Herren la dykk begge finna ein trygg heim, kvar i sin manns hus!» SĂ„ kyste ho dei. Men dei brast i grĂ„t 10og sa til henne: «Nei, vi vil fĂžlgja deg attende til folket ditt.» 11Men Noomi sa: «Vend attende, dĂžtrene mine! Kvifor vil de fĂžlgja med meg? Skulle eg enno fĂžda sĂžner de kan fĂ„ til menn? 12Vend attende, dĂžtrene mine, gĂ„ no! Eg er for gammal til Ă„ gifta meg att. Og sjĂžlv om eg tenkte at eg enno har von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og sĂ„ fĂždde sĂžner, 13skulle sĂ„ de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, dĂžtrene mine! Det er mykje bitrare for meg enn for dykk, for det er meg Herrens hand har rĂ„ka.» 14DĂ„ tok dei til Ă„ grĂ„ta att, og Orpa kyste svigermor si til avskil. Men Rut klyngja seg til henne. 15DĂ„ sa Noomi: «SjĂ„, no vender svigerinna di attende til folket sitt og guden sin. Vend attende, du ĂČg. FĂžlg henne!» 16Men Rut svara: «Tving meg ikkje til Ă„ skiljast frĂ„ deg og venda attende, for: Der du gĂ„r, vil eg gĂ„, og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud. 17Der du dĂžyr, vil eg dĂžy, og der vil eg bli gravlagd. MĂ„tte Herren la det gĂ„ meg ille bĂ„de no og sidan om noko anna enn dauden skal skilja meg frĂ„ deg!» 18DĂ„ Noomi sĂ„g at ho stod fast pĂ„ sitt og ville vera med henne, tala ho ikkje meir til henne om det. 19SĂ„ gjekk dei vidare til dei kom til Betlehem. Og dĂ„ dei kom dit, vart det oppstyr i byen for deira skuld, og kvinnene sa: «Er dette Noomi?» 20Men ho sa til dei: «Kall meg ikkje Noomi! Kall meg heller Mara! For Den veldige har gjort livet beiskt for meg. 21Rik drog eg bort, fattig har Herren late meg venda attende. Kvifor kallar de meg Noomi nĂ„r Herren har vitna mot meg, og nĂ„r Den veldige har late det gĂ„ meg sĂ„ ille?» 22SĂ„ kom dĂ„ Noomi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne dĂ„ ho vende attende frĂ„ slettelandet i Moab. Dei kom til Betlehem dĂ„ bygghausten byrja. 1Noomi hadde ein slektning pĂ„ sida til mannen hennar, ein mektig og velstĂ„ande mann av Elimeleks slekt. Han heitte Boas. 2Ein dag sa Rut, moabittkvinna, til Noomi: «Lat meg gĂ„ ut pĂ„ Ă„keren og sanka kornaks etter ein som vil visa meg velvilje.» Ho svara: «GĂ„ du, dotter mi!» 3SĂ„ gjekk ho ut pĂ„ Ă„keren og sanka aks etter skurdfolket. Og det trefte seg slik at Ă„kerstykket ho sanka pĂ„, hĂžyrde Boas av Elimelek-slekta til. 4Boas var nett komen frĂ„ Betlehem. Han sa til skurdfolket: « Herren vere med dykk!» Dei svara han: « Herren velsigne deg!» 5Boas spurde oppsynsmannen over skurdfolket: «Kven hĂžyrer denne unge kvinna til?» 6Oppsynsmannen svara: «Det er den unge moabittkvinna som kom tilbake med Noomi frĂ„ Moab. 7Ho bad: Lat meg fĂ„ plukka og sanka aks mellom kornbanda etter skurdfolket! Ho kom i dag tidleg og har stĂ„tt her heilt til no. Berre ei lita stund har ho vore inne og kvilt seg.» 8DĂ„ sa Boas til Rut: «HĂžyr, dotter mi! Sank ikkje aks pĂ„ nokon annan Ă„ker. GĂ„ ikkje herifrĂ„, men hald deg til mine tenestejenter. 9SjĂ„ kvar pĂ„ Ă„keren skurdfolka arbeider, og fĂžlg etter dei! Eg vil byda karane at dei ikkje fĂ„r rĂžra deg. Blir du tĂžrst, sĂ„ gĂ„ bort til krukkene og drikk av det som tenestefolket auser opp.» 10DĂ„ kasta ho seg ned med andletet mot jorda og sa til han: «Kvifor ser du pĂ„ meg med velvilje og tek imot meg, endĂ„ eg er ein framand?» 11Boas svara henne: «Dei fortalde meg meir enn Ă©in gong om alt du gjorde for svigermor di etter at mannen din dĂžydde. Du forlĂ©t far din og mor di og fedrelandet ditt og drog til eit folk du ikkje kjende frĂ„ fĂžr. 12Herren skal lĂžna deg for det du har gjort! MĂ„tte du fĂ„ fullt vederlag frĂ„ Herren, Israels Gud, no nĂ„r du er komen for Ă„ sĂžkja ly under hans venger.» 13Ho sa: «MĂ„tte du framleis sjĂ„ pĂ„ meg med velvilje, herre, for du har trĂžysta meg og snakka venleg til tenestekvinna di, endĂ„ eg ikkje eingong er som ei av kvinnene i tenesta di.» 14DĂ„ tida var komen for Ă„ eta, sa Boas til henne: «Kom hit og et av brĂždet, og dypp stykket ditt i vineddiken!» SĂ„ sette ho seg ved sida av skurdfolket, og Boas gav henne rista korn. Ho Ă„t og vart mett og hadde endĂ„ noko att. 15DĂ„ ho reiste seg for Ă„ sanka, gav Boas denne beskjeden til tenestefolka: «OgsĂ„ mellom kornbanda kan ho sanka. Plag henne ikkje! 16Ja, de kan dra aks ut or kornbanda og la dei liggja att, sĂ„ ho kan plukka dei opp. Ingen mĂ„ truga henne.» 17SĂ„ sanka Rut aks pĂ„ Ă„keren heilt til kvelden. DĂ„ ho banka kornet ut or aksa, vart det om lag ein efa bygg. 18Ho bar det med seg inn til byen, og svigermor hennar fekk sjĂ„ det ho hadde sanka. SĂ„ tok Rut fram det ho hadde til overs etter at ho hadde ete seg mett, og gav henne det. 19DĂ„ sa svigermor hennar: «Kvar har du sanka i dag, og kvar har du arbeidd? Velsigna er han som har vilja kjennast ved deg!» SĂ„ fortalde ho svigermora kven ho hadde arbeidd hos. Ho sa: «Den mannen eg arbeidde hos i dag, heiter Boas.» 20DĂ„ sa Noomi til svigerdottera: «Han skal vera velsigna av Herren, som ikkje har halde opp med Ă„ visa miskunn, verken mot dei levande eller dei dĂžde!» Og Noomi la til: «Den mannen er i slekt med oss. Han er ein av lĂžysingsmennene vĂ„re.» 21DĂ„ sa Rut, moabittkvinna: «Han sa ĂČg til meg: Hald deg til mine folk heilt til dei er ferdige med heile mi skurdonn.» 22DĂ„ sa Noomi til Rut, svigerdotter si: «Det er godt, dotter mi, at du gĂ„r saman med tenestejentene hans, sĂ„ du slepp Ă„ lida vondt pĂ„ annan manns Ă„ker.» 23SĂ„ heldt ho lag med tenestejentene til Boas og sanka aks til bygghausten og kveitehausten var over. Og ho vart buande hos svigermor si. 1Noomi, svigermor til Rut, sa til henne: «Dotter mi! Skulle eg ikkje sjĂ„ til Ă„ finna ein heim til deg sĂ„ du kan fĂ„ det godt? 2HĂžyr, Boas er dĂ„ slektningen vĂ„r, og det er tenestejentene hans du har vore i lag med. No i natt hiv han bygg pĂ„ treskjeplassen. 3Du skal vaska deg og salva deg. Ta sĂ„ pĂ„ deg finkleda og gĂ„ ned til treskjeplassen. Men gjev deg ikkje til kjenne for mannen fĂžr han er ferdig med Ă„ eta og drikka! 4NĂ„r han legg seg, skal du merka deg staden der han ligg. GĂ„ sĂ„ bort, ta teppet vekk frĂ„ fĂžtene hans og legg deg der! SĂ„ vil han sjĂžlv seia deg kva du skal gjera.» 5DĂ„ svara ho: «Eg skal gjera alt du seier.» 6Ho gjekk ned til treskjeplassen og gjorde alt slik svigermor hennar hadde sagt. 7Boas Ă„t og drakk og vart glad til sinns. SĂ„ gjekk han og la seg i kanten av kornhaugen. DĂ„ smaug ho seg fram, tok teppet vekk frĂ„ fĂžtene hans og la seg der. 8Ved midnattstid kvakk mannen til. Han bĂžygde seg fram og sĂ„g at det lĂ„g ei kvinne nedmed fĂžtene hans. 9«Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestekvinna di», svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er lĂžysingsmann.» 10DĂ„ sa han: «Velsigna er du av Herren, dotter mi! Du har vist endĂ„ stĂžrre truskap enn fĂžr ved ikkje Ă„ gĂ„ etter dei unge mennene, verken dei fattige eller dei rike. 11Og no, dotter mi, ver ikkje redd! Alt det du seier, vil eg gjera for deg. For alle som bur i byen, veit at du er ei heiderleg kvinne. 12Det er sant at eg er lĂžysingsmannen, men det er ein annan lĂžysingsmann som er nĂŠrare enn eg. 13Sov her i natt, og om han vil lĂžysa deg ut i morgon, sĂ„ lat han gjera det. Men om han ikkje vil lĂžysa deg ut, skal eg gjera det sjĂžlv, sĂ„ sant Herren lever! Berre ligg her til i morgon tidleg!» 14Ho vart liggjande ved fĂžtene hans til morgonen, men ho stod opp fĂžr folk kunne kjenna kvarandre att. For han sa til seg sjĂžlv: «Det mĂ„ ikkje bli kjent at kvinna kom hit til treskjeplassen.» 15SĂ„ sa han: «Kom hit med sjalet du har pĂ„ deg, og hald det fram!» Og dĂ„ ho heldt sjalet fram, mĂ„lte han opp seks mĂ„l bygg og la pĂ„ henne. SĂ„ gjekk han inn til byen. 16DĂ„ Rut kom til svigermor si, spurde ho: «Korleis gjekk det med deg, dotter mi?» Og ho fortalde henne alt det mannen hadde gjort mot henne, 17og la til: «Desse seks mĂ„la med bygg gav han meg, for han sa: Du skal ikkje koma tomhendt heim til svigermor di.» 18DĂ„ sa Noomi: «Hald deg no i ro, dotter mi, til du fĂ„r vita korleis saka fell ut. For den mannen unner seg ikkje kvile fĂžr han fĂ„r saka ordna, og det alt i dag.» 1Boas gjekk opp til byporten og sette seg der. Nett dĂ„ kom lĂžysingsmannen som Boas hadde snakka om, forbi. Boas kalla han ved namn og sa: «Kom og set deg her!» SĂ„ gjekk han dit og sette seg. 2Boas sĂ„g seg ut ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg. 3SĂ„ sa han til lĂžysingsmannen: «Noomi, ho som er komen tilbake frĂ„ Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vĂ„r, eigde. 4Eg tenkte eg ville gjera deg kjend med dette og seia: KjĂžp det i pĂ„syn av dei som sit her, i pĂ„syn av dei eldste i folket mitt! Vil du lĂžysa det inn, sĂ„ lĂžys det inn. Men vil du ikkje, sĂ„ sei det til meg, sĂ„ eg veit det. For det er ingen ved sida av deg til Ă„ lĂžysa det inn, men eg har retten nest etter deg.» Han svara: «Eg vil lĂžysa det inn.» 5DĂ„ sa Boas: «Den dagen du tek over Ă„keren av Noomi, tek du ĂČg over moabittkvinna Rut, kona til han som dĂžydde, slik at namnet til den dĂžde kan leva vidare og jorda gĂ„ vidare i arv.» 6LĂžysingsmannen svara: «DĂ„ kan eg ikkje lĂžysa han til meg, for dĂ„ spiller eg arven til mine eigne born. LĂžys du til deg sjĂžlv det eg skulle lĂžysa, for eg kan ikkje gjera det!» 7I gamle dagar i Israel var skikken slik nĂ„r det gjaldt innlĂžysing og bytehandel, at for Ă„ stadfesta ei sak skulle ein dra sandalen av seg og gje sandalen til den andre. Slik vart ei sak vitnefast i Israel. 8LĂžysingsmannen sa til Boas: «KjĂžp det du!» Og med det same drog han sandalen sin av. 9DĂ„ sa Boas til dei eldste og alt folket: «De er i dag vitne pĂ„ at eg kjĂžper av handa til Noomi alt det som hĂžyrde Elimelek til, og alt som hĂžyrde Kiljon og Mahlon til. 10Eg tek ĂČg moabittkvinna Rut, kona til Mahlon, til ekte, slik at namnet til den dĂžde kan leva vidare og odelen haldast i hevd. Slik vil namnet til han som dĂžydde, ikkje bli sletta ut av slekta hans og glĂžymt i porten pĂ„ heimstaden hans. Dette er de vitne pĂ„ i dag.» 11Alt folket og dei eldste som var i byporten, svara: «Ja, vi er vitne. MĂ„tte Herren la den kvinna som no kjem inn i huset ditt, bli som Rakel og som Lea, dei to som bygde Israels hus! Syn di kraft i Efrata og vinn deg eit namn i Betlehem! 12MĂ„tte etterkomarane Herren gjev deg med denne unge kvinna, gje deg ei ĂŠtt som ĂŠtta til Peres, han som Tamar fĂždde til Juda!» 13Boas tok Rut heim til seg, og ho vart kona hans. DĂ„ han kom saman med henne, lĂ©t Herren henne bli med barn, og ho fĂždde ein son. 14DĂ„ sa kvinnene til Noomi: «Velsigna er Herren som lĂ©t deg fĂ„ ein lĂžysingsmann i dag! Namnet hans skal bli stort i Israel. 15Han skal gje deg nytt livsmot og sĂžrgja for deg i alderdomen din. For svigerdotter di, som held slik av deg, har fĂždd denne sonen. Ho er meir for deg enn sju sĂžner.» 16SĂ„ tok Noomi guten og la han pĂ„ fanget sitt. Ho vart fostermor hans. 17Nabokonene gav han namn og sa: «Noomi har fĂ„tt ein son!» Dei kalla han Obed. Han fekk sonen Isai, som vart far til David. 18Dette er etterkomarane av Peres: Peres fekk sonen Hesron, 19Hesron fekk sonen Ram, og Ram fekk sonen Amminadab, 20Amminadab fekk sonen Nahsjon, og Nahsjon fekk sonen Salma, 21Salma fekk sonen Boas, og Boas fekk sonen Obed, 22Obed fekk sonen Isai, og Isai fekk sonen David.