Heilagdommen

DÄ Israelsfolket vandra ut frÄ Egypt,
viste Gud dei den vegen dei skulle gÄ.
Han gjekk framfor dei i ei skysĂžyle om dagen
og lyste for dei i ei eldsĂžyle om natta.

Israelsfolket gjekk gjennom Ăžrkenen,
og dei budde i telt.
Ein dag sa Moses: «Tida er inne.
Vi skal lage eit telt for Gud,
ein heilag stad der vi kan mĂžte han.
Gud har fortalt meg
korleis teltet skal vere.»

DÄ kom heile folket med gÄver.
Dei ville at det heilage teltet skulle bli fint.

Moses gav oppdraget til kunstnaren Besalel.
Kunstnaren fekk mange med seg.
Dei laga teltduk av raudfarga skinn.
Dei sette opp plankar av akasietre.
Somme vov vakre forheng av stoff i purpur
med bilete av kjerubar med vengjer.

Kunstnaren laga paktkista i akasietre
med kjerubar av gull pÄ loket,
og i kista la han steintavlene med dei ti boda.
Han laga ĂČg ein sjuarma lysestake
av reint gull.

Saman med Moses sette folket opp teltet,
og rundt det sette dei opp eit gjerde av voven lin.

Plassen mellom gjerdet og teltet
kalla dei forgarden,
og der stod offeralteret
med eit bÄl som alltid brann.

DĂ„ alt var ferdig, var folk glade.
Dei venta spent pÄ kva som ville skje.
DÄ sÄg dei korleis skysÞyla
som hadde leidd dei,
senka seg ned over teltet og fylte det.
Dei sa til kvarandre: «SjÄ, Gud bur hos oss!»

Kvar gong skya lÞfta seg frÄ teltet,
braut folket opp og reiste vidare.
Men nÄr skya ikkje lÞfta seg,
heldt dei seg i ro.
Guds sky lÄg over heilagdommen om dagen,
og om natta lyste han som eld,
sÄ lenge vandringa varte.

Les historia i Bibelen

7Moses brukte Ä ta teltet og slÄ det opp eit godt stykke utanfor leiren. Han kalla det teltheilagdomen. Alle som ville spÞrja Herren til rÄds, gjekk til dette teltet utanfor leiren. 8Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg og vart stÄande ved inngangen til kvart sitt telt. Dei sÄg etter Moses til han var komen inn i teltet. 9Og nÄr Moses var komen inn i teltet, kom skysÞyla ned og vart stÄande ved inngangen til teltet, og han tala til Moses. 10NÄr folket sÄg skysÞyla stÄ ved inngangen til teltet, reiste dei seg alle saman, bÞygde seg og tilbad, kvar ved si teltopning. 11SÄ tala Herren med Moses, andlet til andlet, slik som menneske snakkar med kvarandre. Sidan gjekk Moses tilbake til leiren. Men tenaren hans, ein ung gut som heitte Josva, son til Nun, gjekk aldri frÄ teltet.

Les i nettbibelen