Hei!
Sveip til sidene for Ă„ velje historie, og bla deretter ned for Ă„ lese og hĂžyre historia.
Menneska blei mange pÄ jorda.
Dei hadde alle same sprÄket,
sÄ alle forstod kva dei andre sa.
Dei vandra omkring og fann ein brei dal.
Der slo dei seg ned.
«Kom, vi lagar teglstein og brenner dei harde,
og sÄ kan vi byggje», sa dei til kvarandre.
Dei brende teglstein sÄ sveitten silte,
dei rÞrte i jordbek sÄ armane dirra,
sÄ sette dei stein mot stein
med jordbek som bindemiddel.
Litt etter litt blei husa reiste.
Dei blei stĂžrre og stĂžrre,
dei blei fleire og fleire,
dei blei vakrare og flottare og hĂžgare.
«Kom, la oss byggje meir», sa menneska,
«eit tÄrn som nÄr opp til himmelen!
DÄ vil alle kjenne til oss, og vi blir like Gud.»
Alle arbeidde, og tÄrnet voks,
teglstein for teglstein med jordbek imellom.
Ingenting kunne stanse dei nÄr dei var i gang.
DĂ„ steig Gud ned til menneska.
Han sÄg tÄrnet og sa:
«Kva er det dei held pÄ med?
Korleis er det dei bruker livet dei har fÄtt?»
Gud sÄg at dette ikkje var godt for dei,
og han sÄg at dei ikkje ville stanse av seg sjÞlve.
Gud sÄg at makta Þydela menneska.
For Ă„ stoppe dei gjorde han dei forvirra.
Han la ulike sprÄk i munnen pÄ dei,
sÄ den eine ikkje forstod kva den andre sa.
Folk begynte Ă„ rope til kvarandre,
men det blei berre brÄk.
Det var ikkje rÄd for dei Ä fullfÞre tÄrnet,
for alt dei ville gjere, drukna i hĂžglydt babbel.
DÄ braut folk opp frÄ byen Babel.
Dei tok med seg kvar sitt sprÄk
og spreidde seg ut over heile jorda.
1Heile verda hadde same sprÄk og same ord. 2DÄ dei braut opp frÄ aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der. 3Dei sa til kvarandre: «Kom, sÄ lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til Ä fuga med. 4«Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tÄrn som nÄr opp til himmelen, og skaffa oss eit namn sÄ vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!» 5DÄ steig Herren ned for Ä sjÄ pÄ byen og tÄrnet som menneska bygde. 6Herren sa: «SjÄ, dei er eitt folk, og eitt sprÄk har dei alle. Og dette er det fÞrste dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg fÞre. 7Kom, lat oss stiga ned og forvirra sprÄket deira sÄ den eine ikkje skjÞnar den andre!» 8SÄ spreidde Herren dei derifrÄ ut over heile jorda, og dei heldt opp med Ä byggja pÄ byen. 9Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren sprÄket for heile jorda. Og derifrÄ spreidde Herren dei ut over heile jorda.