David og Goliat

PĂ„ den tida David var gjetar
og ingen visste at han var salva til konge,
var det krig i landet.
Israelsfolket var trua av fiendar.
Fiendane blei kalla filisterar, og dei var eit stort folk.
FilisterhĂŠren og hĂŠren til kong Saul samla seg til kamp.
Dei stod mot kvarandre i kvar si fjellskrÄning.
Berre dalen og elva skilde dei.

DÄ steig ei kjempe fram frÄ filistarhÊren
og utfordra til tvikamp.
Kjempa heitte Goliat.
Han hadde hjelm og ringbrynje av bronse,
skinner av bronse pÄ leggane,
og over ryggen bar han ein sabel av bronse.
Spydet hans var tjukt, og spissen vog sju kilo.
Han ropte: «Reddharar!
Vel ein som tĂžr Ă„ kjempe mot meg!
Vinn han, blir vi slavane dykkar,
men vinn eg, blir de slavane vÄre!»

Saul og alle mennene hans hĂžyrde kva Goliat sa,
og dei blei redde og mista motet.

David var heime i Betlehem
og visste ikkje kva som skjedde i krigen.
Ein dag sa faren til han: «David, gÄ med mat
til brÞrne dine som er soldatar i hÊren til Saul.»

David gjekk til leiren der brĂžrne heldt til,
og sÄg korleis hÊren stilte seg opp.
Han sÄg Goliat pÄ den andre sida av dalen
og hĂžyrde korleis han ropte:
«Kven tÞr Ä kjempe mot meg?»
Men til si forundring sÄg han at hÊren til Saul flykta,
og han hÞyrde soldatane snakke lÄgt saman:
«Kjempa hÄnar oss.
Og nĂ„r han hĂ„nar oss, hĂ„nar han Gud ĂČg.
Kongen har lova stor rikdom, og dottera si,
til den som kan felle Goliat.»

«Prinsessa ĂČg?» undra David.
«La meg fÄ kjempe!»

Kong Saul sende bod pÄ David.
Han ville ikkje at gjetarguten
som aldri hadde vore i krig,
skulle gÄ mot kjempa Goliat.
Men David sa at han hadde slÄst fÞr,
han hadde teke lĂžve og bjĂžrn med berre nevane
nÄr dei prÞvde Ä angripe saueflokken hans.
Gud, som hadde redda han fĂžr, ville gjere det igjen.
David trong ikkje brynje og sverd frÄ Saul, sa han.
I staden tok han gjetarstaven sin i handa,
la fem glatte steinar frÄ elva i gjetarveska,
og tok med seg slyngja si.

SĂ„ gjekk han fram mot kjempa Goliat.

Goliat fnyste: «Trur du at eg er ein hund,
sidan du kjem mot meg med ein kjepp?
Eg skal ta deg!»
David sa: «Du kjem mot meg med sverd,
men eg kjem mot deg i Guds namn,
han som du hÄnar!»

SĂ„ sprang David raskt fram
mens han tok opp ein stein frÄ veska.
Han slyngde han ut sÄ han trefte Goliat i panna.
Steinen sokk djupt inn,
og kjempa stupte med ansiktet mot jorda.
I det same var David borte hos han,
trakk sverdet til Goliat ut av slira
og hogg hovudet av han.

DĂ„ flykta filistarhĂŠren,
og David fekk lĂžnna si.

Les historia i Bibelen

1Filistrane samla hĂŠrane sine til kamp. Dei kom saman ved Soko i Juda og slo leir ved Efes-Dammim, mellom Soko og Aseka. 2Saul og israelittane samla seg ĂČg. Dei slo leir i Ela-dalen og gjorde seg klare til kamp mot filistrane. 3Filistrane stod oppstilte i den eine fjellskrĂ„ninga og israelittane i den andre. Berre dalen var mellom dei. 4DĂ„ kom det fram frĂ„ rekkjene ein mann som utfordra til tvikamp. Han heitte Goliat og var frĂ„ Gat. Han var seks alner og eit fingerspenn hĂžg. 5PĂ„ hovudet hadde han ein bronsehjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje av bronse. Ho vog fem tusen sjekel. 6PĂ„ leggene hadde han bronsespjelkar, og pĂ„ ryggen bar han ein sabel av bronse. 7Skaftet pĂ„ spydet hans var tjukt som ein vevbom, og spydspissen var av jern og vog seks hundre sjekel. Skjoldberaren gjekk fĂžre han. 8Goliat stilte seg opp og ropa til Israels-hĂŠren: «Kvifor dreg de ut og gjer dykk klare til strid? Er ikkje eg ein filistar og de Sauls tenarar? Vel ut ein mann og send han ned til meg! 9Kan han kjempa med meg og fella meg, skal vi vera slavane dykkar. Men vinn eg over han og feller han, skal de vera vĂ„re slavar og tena oss.» 10Og filistaren heldt fram: «I dag har eg hĂ„nt Israels hĂŠr. Send hit ein mann, sĂ„ skal vi kjempa mot kvarandre.» 11DĂ„ Saul og alle israelittane hĂžyrde kva filistaren sa, vart dei svĂŠrt redde og mista motet. 12David var son til Isai, som hĂžyrde til Efrat-slekta frĂ„ Betlehem i Juda. Denne mannen hadde Ă„tte sĂžner. PĂ„ Sauls tid var Isai gammal og skral. 13Dei tre eldste sĂžnene hans hadde fĂžlgt Saul i krigen. Den eldste av desse tre sĂžnene som hadde gĂ„tt i krigen, heitte Eliab, den andre Abinadab og den tredje Sjamma. 14David var den yngste. Dei tre eldste hadde fĂžlgt Saul. 15Men David gjekk ofte heim att frĂ„ Saul for Ă„ gjeta smĂ„feet til far sin i Betlehem. 16Morgon og kveld kom filistaren fram. I fĂžrti dagar baud han seg fram til kamp. 17DĂ„ sa Isai til David, son sin: «Ta med ein efa av dette steikte kornet og desse ti brĂžda og skund deg til brĂžrne dine i leiren! 18Og desse ti ostestykka skal du ha med til tusenmannsfĂžraren. Finn ut korleis det stĂ„r til med brĂžrne dine, og fĂ„ med deg eit teikn frĂ„ dei! 19Dei og alle dei andre israelittane er hos Saul i Ela-dalen og fĂžrer krig mot filistrane.» 20Morgonen etter stod David tidleg opp og overlĂ©t smĂ„feet til ein gjetar. SĂ„ tok han det han skulle ha med, og gjekk i veg slik Isai hadde sagt han. DĂ„ han kom til leiren, gjekk hĂŠren nett ut og stilte seg opp, og krigsropet ljoma. 21BĂ„de israelittane og filistrane stilte seg opp, front mot front. 22David la sakene sine frĂ„ seg hos vaktaren som hadde tilsyn med krigsutstyret. SĂ„ sprang han bort til hĂŠren, fann brĂžrne sine og helsa pĂ„ dei. 23Medan han snakka med dei, steig tvikjemparen, filistaren Goliat frĂ„ Gat, fram frĂ„ rekkjene med filistrar. Han ropa dei same orda som tidlegare, og no hĂžyrde David det ĂČg. 24Alle israelittane flykta for Goliat straks dei fekk sjĂ„ han. Dei var svĂŠrt redde. 25Og dei sa seg imellom: «Ser de den karen som kjem fram der? Han kjem for Ă„ hĂ„na Israel. Den som feller han, vil kongen gje stor rikdom og dotter si med, og slekta hans skal vera friteken for skatt i Israel.» 26David spurde dei mennene som stod saman med han: «Kva var det han skulle fĂ„, den mannen som feller filistaren og tek ei slik vanĂŠre bort frĂ„ Israel? Kven er han vel, denne uomskorne filistaren som vĂ„gar Ă„ hĂ„na hĂŠren til den levande Gud?» 27Folket tok opp att det som var sagt: Det og det skal han fĂ„ som feller han. 28Eliab, eldste bror til David, hĂžyrde kva han tala med mennene om. Han vart sint pĂ„ David og sa: «Kvifor er du komen hit ned? Kven har du fĂ„tt til Ă„ gjeta den vesle saueflokken uti Ăžrkenen? Eg veit kor frekk og vond du er. Du er berre komen hit for Ă„ sjĂ„ pĂ„ slaget.» 29«Kva gale har eg no gjort?» svara David. «Det var dĂ„ berre eit spĂžrsmĂ„l!» 30SĂ„ vende han seg frĂ„ bror sin og spurde ein annan om det same. Og folket gav han same svaret som fĂžrste gongen. 31Det spurdest snart kva David hadde sagt, og det vart kunngjort for Saul, som sende bod etter han. 32David sa til Saul: «Ingen mĂ„ mista motet! Tenaren din skal gĂ„ og kjempa med denne filistaren.» 33Men Saul svara: «Du kan ikkje gĂ„ mot filistaren og kjempa med han; du er dĂ„ berre ungguten, og han har vore krigar heilt ifrĂ„ ungdomen.» 34DĂ„ sa David: «Tenaren din har gjett smĂ„feet for far sin. Kom det dĂ„ ei lĂžve eller ein bjĂžrn og tok eit fe frĂ„ flokken, 35sprang eg etter udyret, slo det og reiv feet ut or gapet pĂ„ det. Og reiste det seg mot meg, treiv eg det i skjegget og slo det i hel. 36BĂ„de lĂžve og bjĂžrn har tenaren din felt, og det skal gĂ„ denne uomskorne filistaren som dei; for han har hĂ„nt den levande Guds hĂŠr.» 37Og David la til: « Herren, som har berga meg frĂ„ lĂžve og bjĂžrn, han skal nok ĂČg berga meg frĂ„ denne filistaren.» DĂ„ sa Saul til David: «GĂ„, mĂ„tte Herren vera med deg.» 38SĂ„ lĂ©t han David fĂ„ sine eigne klede, sette ein bronsehjelm pĂ„ hovudet hans og hadde pĂ„ han ei brynje. 39David batt sverdet til Saul utanpĂ„ kleda og prĂžvde Ă„ gĂ„, men til fĂ„nyttes. For han hadde aldri prĂžvd det fĂžr. «Eg greier ikkje Ă„ gĂ„ med dette pĂ„ meg», sa han til Saul, «eg er ikkje van med det.» SĂ„ la han det av seg 40og tok heller staven sin i handa, valde seg ut fem glatte steinar frĂ„ elvefaret og la dei i gjetartaska som han bar over aksla. Slyngja hadde han i handa. SĂ„ gjekk han fram mot filistaren. 41Imedan kom filistaren nĂŠrare og nĂŠrare David, og skjoldberaren gjekk fĂžre han. 42DĂ„ filistaren sĂ„g fram for seg og fekk auge pĂ„ David, fnyste han forakteleg av han. For David var berre ungguten, raudleitt og vakker Ă„ sjĂ„ til. 43«Trur du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med kjeppar?» ropa filistaren til David. Og han forbanna David ved gudane sine. 44«Kom hit til meg», sa han, «sĂ„ skal eg gje kjĂžtet ditt til fuglane under himmelen og dyra pĂ„ marka.» 45David svara: «Du kjem mot meg med sverd, spyd og sabel, men eg kjem mot deg i namnet til Herren over hĂŠrskarane, han som er Gud for Israels hĂŠr, han som du har hĂ„nt. 46I dag vil Herren gje deg i mi hand. Eg skal slĂ„ deg i hel og hogga hovudet av deg. Og liket ditt og lika av filistarhĂŠren skal eg i dag gje til fuglane under himmelen og til villdyra pĂ„ jorda. SĂ„ skal heile jorda skjĂžna at Israel har ein Gud. 47Og alt dette folket som er samla, skal skjĂžna at det ikkje er med sverd og spyd Herren gjev siger. Det er Herren som rĂ„r for krigen, og han skal gje dykk over i vĂ„re hender.» 48DĂ„ filistaren tok til Ă„ gĂ„ bort imot David att, sprang David brĂ„tt fram fĂžre hĂŠren for Ă„ mĂžta han. 49Han stakk handa ned i veska og tok opp ein stein. Den kasta han med slyngja sĂ„ han rĂ„ka filistaren i panna. Steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte med andletet mot jorda. 50Slik vann David over filistaren med slyngje og stein. Han felte filistaren og slo han i hel, endĂ„ han ikkje hadde noko sverd i handa.

Les i nettbibelen