Jona

Jona var profet og talte ord frÄ Gud.
Det var ei oppgÄve han ikkje alltid likte like godt.
Ein dag sa Gud til han: «GÄ til Ninive!
Rop ut over byen at eg ser vondskapen deira.»

Det ville ikkje Jona gjere.
Folk i Ninive var fiendar med folket hans.
Dersom han kom dit med dÄrleg nytt,
kva ville folk i Ninive gjere mot han?
Kaste han i fengsel? Drepe han?

Han sa ikkje nei til Gud,
men han prĂžvde Ă„ snike seg unna.
Han kom seg ut av byen
og hÄpa at Gud ikkje sÄg at han reiste til kysten.
Der fann han eit skip og blei med ut pÄ havet.

Han gĂžymde seg djupt under dekk og sovna.
Han merka ikkje at det bles opp til storm.
Han kjende ikkje at bĂžlgjene blei sterkare og sterkare,
at dei kasta skipet fram og tilbake,
at dei var nĂŠr ved Ă„ knuse det.

Mannskapet ropte til gudane om hjelp.
Dei fann Jona under dekk og rista han vaken:
«Ser du ikkje at vi held pÄ Ä gÄ under?
Du mĂ„ ĂČg be til guden din om nĂ„de!»

Dei kasta ut all overflĂždig last.
Jona sa: «Stormen vil ikkje stilne
fĂžr de kastar meg i havet.
Denne stormen er mi skuld.»

SĂ„ kasta dei Jona over bord,
og sjĂžen blei stille.
Han sokk i djupet
og blei slukt av ein stor fisk.

I tre dagar og tre netter
lÄg han i mÞrket,
nesten dĂžd.

DĂ„ bad han til Gud.
Han ropte om hjelp.
Og Gud hĂžyrde.

Den tredje dagen blei han spytta pÄ land.
Han trekte inn frisk luft og lukta av grĂžnt gras.

Gud sa igjen: «GÄ til storbyen Ninive!»
DĂ„ reiste Jona seg og gjekk dit Gud ville.

Eit stykke inne i byen ropte han ut:
«HÞyr! Om fÞrti dagar skal Ninive bli Þydelagd!»
Folk hĂžyrde, og dei angra det dei hadde gjort.
SjĂžlv kongen angra og bad til Gud.
Han baud at alle, bÄde menneske og dyr,
skulle faste og be til Gud om Ă„ spare byen.

Gud hÞyrde. Gud skÄna byen.
Men Jona blei skuffa og ropte: «Kvifor?
Berre folk ber til deg, sÄ er du god mot dei!
Kva vil dei tenkje om meg som profet
nÄr profetien ikkje blir oppfylt?»

Han klaga mens han sat i skuggen av ein busk.
Gud sende ein makk som stakk busken.
Busken visna, sola stakk Jona i hovudet, og han ropte:
«Kvifor? Eg vil heller dÞy enn leve!»

DÄ sa Gud: «Ville du at eg skulle redde busken?
Kva dÄ med heile storbyen Ninive,
der menneske og dyr roper

Les historia i Bibelen

1Herrens ord kom til Jona, son til Amittai: 2«StĂ„ opp, gĂ„ til storbyen Ninive og rop ut over byen at vondskapen deira har stige opp for mitt andlet.» 3DĂ„ stod Jona opp for Ă„ rĂžmma til Tarsis, bort frĂ„ Herren. Han drog ned til Jaffa og fann eit skip som skulle til Tarsis. SĂ„ betalte han for ferda og gjekk ned i bĂ„ten. Han ville vera med til Tarsis, bort frĂ„ Herren. 4Men Herren kasta ein mektig vind ned over havet, og stormen vart sĂ„ hard at skipet heldt pĂ„ Ă„ bli knust. 5SjĂžfolka vart redde, og kvar mann ropa til sin gud. Lasta som var om bord, kasta dei pĂ„ sjĂžen sĂ„ skipet skulle letna. Men Jona hadde gĂ„tt ned under dekk og lagt seg og lĂ„g i djup sĂžvn. 6Kapteinen kom bort til han og sa: «Kva er det med deg? SĂžv du? StĂ„ opp og rop til guden din! Kanskje guden vil hugsa pĂ„ oss sĂ„ vi ikkje gĂ„r under.» 7Mennene sa til kvarandre: «Lat oss kasta lodd, sĂ„ vi kan fĂ„ vita kven som er skuld i at denne ulukka har ramma oss!» Dei kasta lodd, og loddet fall pĂ„ Jona. 8DĂ„ sa dei til han: «Sei oss no kven som er skuld i at denne ulukka har ramma oss! Kva slags arbeid har du? Kvar kjem du frĂ„? Kva for eit land er du frĂ„? Og kva for eit folk hĂžyrer du til?» 9Han svara: «Eg er hebrear og fryktar Herren, Gud i himmelen, som har skapt havet og det tĂžrre landet.» 10DĂ„ vart sjĂžmennene gripne av stor redsle. Dei sa til han: «Kva er det du har gjort!» For dei visste at han hadde rĂžmt bort frĂ„ Herren. Det hadde han fortalt dei. 11«Kva skal vi gjera med deg», sa dei, «sĂ„ havet kan falla til ro omkring oss?» For stormen pĂ„ havet vart sterkare og sterkare. 12Han svara: «Lyft meg opp og kast meg i havet, sĂ„ skal det halda opp med Ă„ rasa! For eg veit at det er mi skuld at den sterke stormen har rĂ„ka dykk.» 13Mennene rodde pĂ„ for Ă„ koma til lands att, men dei greidde det ikkje. For det storma sterkare og sterkare imot dei pĂ„ havet. 14DĂ„ ropa dei til Herren: « Herre! Lat ikkje oss gĂ„ under fordi denne mannen mistar livet. Lat ikkje skuldlaust blod koma over oss. For du, Herre, har gjort som du ville.» 15SĂ„ lyfte dei Jona opp og kasta han pĂ„ sjĂžen. DĂ„ heldt havet opp Ă„ rasa og vart stilt. 16Mennene vart gripne av stor frykt for Herren. Dei ofra slaktoffer til Herren og gav lovnader. 1Herren sende ein stor fisk for Ă„ sluka Jona, og Jona var i buken pĂ„ fisken i tre dagar og tre netter. 2Jona bad til Herren sin Gud frĂ„ buken pĂ„ fisken. 3Han sa: Eg kalla pĂ„ Herren i mi naud, og han svara meg. Eg ropa om hjelp frĂ„ djupaste dĂždsriket, og du hĂžyrde meg. 4Du kasta meg i djupet midt ute pĂ„ havet, straumen omgav meg. Alle dine brot og bĂžlgjer slo over meg. 5Eg tenkte: Eg er driven bort frĂ„ dine auge. Skal eg aldri meir fĂ„ lyfta blikket mot ditt heilage tempel? 6Vatnet lukka seg om strupen, djupet kringsette meg, sivet vikla seg om hovudet. 7Til foten av fjella sokk eg ned. Bommane til portane pĂ„ jord slo att bak meg for alltid. Men du, Herre, min Gud, fĂžrte meg levande opp or grava. 8DĂ„ livet mitt svann bort, hugsa eg pĂ„ Herren, og bĂžna mi nĂ„dde til deg, til ditt heilage tempel. 9Dei som held seg til vind og fĂ„fengd, har svikta sin kjĂŠrleik. 10Men eg vil ofra til deg med takkesong. Det eg har lova, vil eg halda. Frelsa kjem frĂ„ Herren. 11DĂ„ tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp pĂ„ tĂžrt land. 1Herrens ord kom til Jona andre gongen: 2«StĂ„ opp og gĂ„ til storbyen Ninive! Den bodskapen eg gjev deg, skal du ropa ut over byen.» 3Jona stod opp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Men Ninive var ein stor by for Gud, tre dagsreiser lang. 4Jona byrja Ă„ gĂ„ innover i byen, og dĂ„ han hadde gĂ„tt ei dagsreise, ropa han: «Enno fĂžrti dagar, og sĂ„ skal Ninive bli Ăžydelagd!» 5DĂ„ trudde folket i Ninive pĂ„ Gud. Dei ropa ut ei faste og kledde seg i sekkestrie, bĂ„de store og smĂ„. 6DĂ„ kongen av Ninive fekk hĂžyra om dette, reiste han seg frĂ„ tronstolen og tok av seg kongekappa. Han kledde seg i sekkestrie og sette seg i oske. 7Han lĂ©t ropa ut i Ninive: «Etter pĂ„bod frĂ„ kongen og stormennene hans: Ingen, korkje menneske eller dyr, storfe eller smĂ„fe, mĂ„ smaka noko som helst. Dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn. 8Dei skal kle seg i sekkestrie, bĂ„de menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt. Kvar og ein skal venda om frĂ„ sin vonde veg og sine overgrep. 9Kven veit, kan henda vil Gud snu om og angra og venda seg bort frĂ„ den brennande vreiden sin, sĂ„ vi ikkje gĂ„r under.» 10Gud sĂ„g det dei gjorde, at dei vende om frĂ„ sin vonde veg. DĂ„ angra Gud pĂ„ det vonde han hadde sagt han ville gjera mot dei, og han gjorde det ikkje. 1Men det lika Jona ille, og han vart sint. 2Han bad til Herren: « Herre! Var det ikkje det eg sa dĂ„ eg var i mitt eige land? Difor ville eg skunda meg og flykta til Tarsis. For eg veit at du er ein nĂ„dig og mild Gud. Du er sein til vreide og rik pĂ„ miskunn, sĂ„ du angrar ulukka. 3Men no, Herre, kan du ta livet mitt! For eg vil heller dĂžy enn leva.» 4DĂ„ sa Herren: «Er du verkeleg sĂ„ sint?» 5Jona hadde gĂ„tt ut or byen og slege seg ned austafor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta for Ă„ sjĂ„ korleis det gjekk med byen. 6DĂ„ lĂ©t Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans sĂ„ han kunne bli kvitt mismotet. Jona gledde seg storleg over busken. 7Men ved daggry morgonen etter sende Gud ein makk som stakk busken sĂ„ han visna. 8DĂ„ sola rann, sende Gud ein brennande austavind. Sola stakk Jona i hovudet sĂ„ han mest svima av. Han Ăžnskte at han mĂ„tte fĂ„ dĂžy, og sa: «Eg vil heller dĂžy enn leva.» 9DĂ„ sa Gud til Jona: «Er du verkeleg sĂ„ sint pĂ„ grunn av ricinus-busken?» Han svara: «Eg er sĂ„ sint at eg kunne dĂžy.» 10Herren sa: «Du hadde omsorg for ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fĂ„tt til Ă„ veksa, som kom til pĂ„ ei natt og vart Ăžydelagd pĂ„ ei natt. 11Skulle ikkje eg ha omsorg for storbyen Ninive, der det er meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje veit skilnad pĂ„ hĂžgre og venstre, og der det ĂČg er ei mengd med dyr?»

Les i nettbibelen