Hei!
Sveip til sidene for Ă„ velje historie, og bla deretter ned for Ă„ lese og hĂžyre historia.
Israels folk budde i Kanaan,
og leiarane deira blei kalla dommarar.
Folka omkring dei hadde kongar.
«Vi vil ĂČg ha ein konge», sa folket,
«ein sterk konge som kan ri fÞrst i krigen
og sigre over fiendane vÄre.»
«Tenk dykk om», sa dommaren Samuel,
som var den kloke leiaren til folket.
«Ein konge vil bestemme over dykk,
ikkje berre leie dykk.
Dersom de fÄr ein konge,
er de ikkje lenger dykkar eigne herrar.»
Men folket hÞyrde ikkje pÄ Ätvaringa.
Gud bad Samuel ta med seg salvingskrukka.
Samuel gjekk ut og fekk auge pÄ unge, flotte Saul.
Han var eit hovud hĂžgare enn alle andre,
og Gud sa: «Det er han.»
Samuel helte olje over hovudet til Saul,
kyssa han og sa: «Gud er med deg!»
Slik blei Saul konge og styrte folket.
Han rei fĂžrst i krigen og vann.
Alt sÄg lyst ut, men tankane til Saul var mÞrke.
Han tvilte pÄ om Gud var med han,
og han slutta Ä fÞlgje rÄda frÄ Gud.
Han forlét Gud, og Guds velsigning forlét han.
DĂ„ bad Gud Samuel om Ă„ salve ein annan.
Samuel gjekk til ein mann i Betlehem
som heitte Isai og hadde sju sĂžner.
Samuel sÄg at den eine sonen var flottare
enn den andre,
og han tenkte at Gud valde nok den finaste.
Men ingen av dei var den rette.
«GÄ ikkje etter utsjÄnaden», sa Gud.
«Eg ser pĂ„ hjartet â kven han eigentleg er.»
«Har du ingen fleire sÞner?»
sa Samuel til far Isai.
«Jau, yngstemann David er ute og gjeter»,
svarte faren og henta ungguten.
David var raudkinna, med vakre auge,
og Gud sa: «Han er den utvalde.»
Samuel opna salvingskrukka
og helte oljen over hovudet til David.
Samuel velsigna han og sa:
«Du skal bli Israels neste konge.
GÄ med Gud.»
DĂ„ song David av heile hjartet,
og Gud var med han.
David heldt fram med Ă„ gjete.
Han song for sauene.
Han spelte sÄ vakkert pÄ harpa
at folk tenkte: «Han burde spele for kongen!»
Dei tok David med til den urolege kong Saul.
David song sÄ dei mÞrke tankane
til kong Saul lysna.
Han spelte pÄ harpa sÄ uroa forsvann.
Men berre for ei lita stund,
for kong Saul sÄg at folket elska David,
og dÄ kom dei mÞrke tankane tilbake.
Ein gong David song, tok kong Saul eit spyd
og kasta det for Ă„ spidde David til veggen,
men David bĂžygde seg unna.
Eit nytt spyd suste mot han, men trefte ikkje.
David fór ut og flykta frÄ slottet.
I ti Är var han pÄ flukt frÄ kong Saul.
Kong Saul ville fange han, men David slapp unna.
Gong pÄ gong kunne David ha drepe kong Saul,
men i staden lét han kongen gÄ fri.
Og den dagen kong Saul dĂžydde i krig, gret David.
SĂ„ tok han harpa og song.
No var David konge over Israel.
1Herren sa til Samuel: «Kor lenge vil du sÞrgja over Saul? Eg har vraka han som konge over Israel. Fyll hornet ditt med olje og gÄ! Eg sender deg til Isai i Betlehem, for eg har sett meg ut ein av sÞnene hans til konge.» 2Samuel svara: «Korleis kan eg fara dit? FÄr Saul hÞyra det, drep han meg.» DÄ sa Herren: «Ta med deg ei kvige og sei at du kjem og vil ofra til Herren. 3Bed sÄ Isai til ofringa! Sidan lÚt eg deg vita kva du sÄ skal gjera. Du skal salva for meg han eg viser deg.» 4Samuel gjorde som Herren hadde sagt. DÄ han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Kjem du i fredeleg Êrend?» 5Han svara: «Ja, eg er komen for Ä ofra til Herren. Gjer dykk reine og heilage og ver med meg til ofringa.» SÄ helga han Isai og sÞnene hans og bad inn til hÞgtida. 6DÄ dei sÄ kom og han fekk sjÄ Eliab, sa han til seg sjÞlv: «Her, framfor Herren, stÄr no hans salva.» 7Men Herren sa til Samuel: «SjÄ ikkje pÄ skapnaden hans og den hÞge voksteren, for eg har vraka han. Her gjeld ikkje det som menneske ser. For menneska ser det som auga ser, men Herren ser pÄ hjartet.» 8DÄ ropa Isai pÄ Abinadab og lét han gÄ fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9SÄ lét Isai Sjamma gÄ fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10Slik lét Isai dei sju sÞnene gÄ fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: « Herren har ikkje valt ut nokon av desse.» 11DÄ spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endÄ ein att, den yngste. Han er ute og gjeter smÄfeet.» DÄ sa Samuel: «Send bod etter han! Vi set oss ikkje til bords fÞr han kjem.» 12SÄ sende Isai bod etter han. Han var raudleitt, hadde vakre auge og var vakker Ä sjÄ til. Herren sa: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13DÄ tok Samuel hornet med olje og salva han midt mellom brÞrne hans. FrÄ den dagen kom Herrens ande over David og var med han sidan. SÄ braut Samuel opp og drog heim att til Rama. 14Herrens ande forlét Saul, og ei vond Änd frÄ Herren skremde han. 15DÄ sa Sauls menn til han: «Vi ser at ei vond Änd frÄ Gud skremmer deg. 16Sei berre frÄ, herre, sÄ skal tenarane dine som stÄr her framfor deg, leita opp ein mann som kan spela pÄ harpe. NÄr ei vond Änd frÄ Gud kjem over deg, skal han spela pÄ harpa. Det vil gje deg lindring.» 17Saul svara: «Ja, finn meg ein mann som er god til Ä spela, og fÞr han hit til meg!» 18Ein av dei unge mennene sa: «Eg har sett ein son til Isai frÄ Betlehem som kan spela. Han er ein modig og djerv krigar; han snakkar forstandig og er ein vakker mann. Og Herren er med han.» 19SÄ sende Saul bod til Isai og sa: «Send hit til meg David, son din, han som gjeter smÄfeet!» 20DÄ tok Isai eit esel, leste det med brÞd, ein skinnsekk med vin og eit kje og sende det med David, son sin, til Saul. 21Slik kom David til Saul og gav seg i teneste hos han. Saul vart svÊrt glad i han og gjorde han til vÄpenberaren sin. 22Han sende bod til Isai og sa: «Lat David fÄ vera i teneste hos meg, for eg synest godt om han.» 23NÄr sÄ ei vond Änd frÄ Gud kom over Saul, tok David fram harpa si og spela pÄ henne, og Saul fekk lindring. Det vart betre med han, og den vonde Ända forlét han.