Samuel

Israelsfolket budde i det nye landet.
Åra gjekk.
Ei kvinne som heitte Hanna,
budde i ei av fjellbygdene.
Ho var gift, men fekk ikkje barn.
Ein gong ho var i tempelet i Sjilo, bad ho:
«Gud, ikkje glÞym meg!
La meg fÄ ein son,
sÄ skal han tene deg heile livet!»

Gud hĂžyrde bĂžna til Hanna.
FÞr eit Är var gÄtt, fÞdde ho ein gut,
og ho kalla han for Samuel.
Namnet betyr «Gud har hÞyrt».

DÄ Samuel var tre Är gammal,
tok mora han med til Sjilo.
Ho sa: «Du skal bu her i tempelet,
men eg kjem tilbake og besÞkjer deg.»
SĂ„ gjekk ho, og Samuel blei igjen i tempelet.

Han hjelpte den gamle presten.
Dei tende lysa i den sjuarma lysestaken.
Han sov ved paktkista og passa pÄ henne.

Det gjekk nokre Är.
Ei natt vakna Samuel av at Gud ropte pÄ han.
Han stod opp av senga og sprang inn til presten.

«Her er eg», sa han. «Du ropte pÄ meg.»
Men presten sa: «Nei, eg ropte ikkje pÄ deg.
GÄ og legg deg igjen.»

Samuel gjorde som presten sa, og sovna.
DÄ hÞyrde han Guds stemme igjen: «Samuel!»
Han stod opp og sprang inn til presten.
«Her er eg», sa han. «Du ropte pÄ meg.»
Men presten svarte: «Nei, eg ropte ikkje pÄ deg,
sonen min. GÄ tilbake og legg deg.»

Samuel gjekk tilbake til senga,
men det same skjedde igjen.
Han hĂžyrde namnet sitt, sprang inn til presten
og sa: «Her er eg», og dÄ forstod presten det.
Han forstod at det var Gud som ropte pÄ guten.
Presten sa: «GÄ og legg deg!
Og roper han pÄ deg igjen, skal du svare:
Tal, Herre, tenaren din hÞyrer!»

SÄ gjekk Samuel og la seg pÄ plassen sin.
DĂ„ kom Gud, stilte seg framfor han
og ropte som fÞr: «Samuel, Samuel!»
Og Samuel svarte: «Tal, tenaren din hÞyrer!»
Gud talte til Samuel
og bad han Ă„ fortelje vidare kva Gud hadde sagt.
Det gjorde Samuel.
Slik blei han Guds profet,
og ein av leiarane for folket.

Heile livet lytta han til Guds stemme
og fortalde folket kva Gud hadde sagt.

Les historia i Bibelen

1Guten Samuel gjorde no teneste for Herren under tilsyn av Eli. I dei dagane kom det sjeldan ord frĂ„ Herren, og av syn var det fĂ„. 2SĂ„ var det ein gong Eli lĂ„g og sov pĂ„ den faste plassen sin. Auga hans var sĂ„ svake at han ikkje kunne sjĂ„. 3Guds lampe hadde endĂ„ ikkje slokna, og Samuel lĂ„g i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod. 4DĂ„ ropa Herren pĂ„ Samuel. Han svara: «Her er eg», 5og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg; du ropa pĂ„ meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. GĂ„ og legg deg att!» SĂ„ gjekk han og la seg. 6DĂ„ ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli. «Her er eg», sa han; «du ropa pĂ„ meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, son min. GĂ„ og legg deg!» 7Samuel kjende enno ikkje Herren, for Herrens ord var ikkje openberra for han. 8SĂ„ ropa Herren ein tredje gong pĂ„ Samuel. Han stod opp og gjekk inn til Eli. «Her er eg», sa han; «du ropa pĂ„ meg.» DĂ„ skjĂžna Eli at det var Herren som ropa pĂ„ guten, 9og han sa til Samuel: «GĂ„ og legg deg! Og ropar han pĂ„ deg att, skal du svara: Tal, Herre, tenaren din hĂžyrer!» SĂ„ gjekk Samuel og la seg pĂ„ plassen sin. 10DĂ„ kom Herren, stilte seg framfor han og ropa som fĂžr: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tal, tenaren din hĂžyrer!» 11Herren sa til Samuel: «No vil eg gjera noko i Israel som fĂ„r det til Ă„ ringja for Ăžyra pĂ„ alle som hĂžyrer om det. 12Den dagen skal Eli bli rĂ„ka av alt det eg har varsla om hans hus, frĂ„ fĂžrst til sist. 13Eg har kunngjort for han at eg vil dĂžmma hans hus for alle tider. For han kjende til synda – at sĂžnene hans forbanna Gud. Likevel tala han dei ikkje til rette. 14Difor har eg svore mot Elis hus: Aldri skal deira skuld kunna sonast, korkje med slaktoffer eller offergĂ„ver.» 15Samuel vart liggjande til det var morgon. DĂ„ opna han dĂžrene til Herrens hus; men han vĂ„ga ikkje Ă„ fortelja Eli om synet. 16DĂ„ ropa Eli pĂ„ han og sa: «Samuel, son min!» «Her er eg», svara han. 17Eli spurde: «Kva var det han sa til deg? LĂžyn det ikkje for meg! MĂ„tte Gud la det gĂ„ deg ille bĂ„de no og sidan om du lĂžyner for meg noko av det han sa til deg.» 18SĂ„ fortalde Samuel alt saman og lĂžynde ingen ting for han. DĂ„ sa Eli: «Han er Herren. Han mĂ„ gjera som han tykkjer best.» 19SĂ„ voks Samuel opp. Herren var med han og lĂ©t ikkje nokon av orda hans falla maktlause til jorda. 20DĂ„ skjĂžna heile Israel frĂ„ Dan til Beer-Sjeba at Samuel hadde vorte tiltrudd Ă„ vera profet for Herren. 21Og Herren heldt fram med Ă„ syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord.

Les i nettbibelen