Hei!
Sveip til sidene for Ă„ velje historie, og bla deretter ned for Ă„ lese og hĂžyre historia.
Israels rike var blitt delt dÄ kong Salomo dÞydde.
Folket bad til andre gudar og braut pakta med Gud.
Begge rika blei invaderte.
FĂžrst blei Nordriket teke,
og sidan blei Jerusalem i sĂžr trua.
Den siste kongen i sĂžr var ingen god konge,
han gjorde akkurat som han sjĂžlv ville.
Han leidde folket i opprÞr, men blei slÄtt.
Kongen av Babel sende hĂŠrane sine mot dei
og omringa Jerusalem i to Är.
Folk innanfor bymurane svalt.
DĂ„ dei ikkje hadde meir mat igjen,
braut fienden gjennom muren og storma inn.
Heile folket blei fĂžrt som fangar til Babel,
berre dei aller fattigaste fekk bli igjen.
Bak dei brann byen og tempelet.
Alle skattane deira var rĂžva.
Dei gret dÄ dei blei fÞrte bort,
men ingen redda dei.
Hadde Gud forlate dei?
Dei kom til Babel, og litt etter litt
begynte dei Ă„ forstĂ„ at Gud var der ĂČg.
Dei lengta tilbake til Jerusalem og Juda-landet,
men dei var ikkje forlatne her i framandt land.
Dei heldt saman og oppmuntra kvarandre,
dei begynte Ă„ halde hĂžgtider,
og dei samla skriftene sine.
Folket frÄ Juda blei til jÞdefolket der, i eksil.
No hugsa og visste dei kven dei var.
Tida gjekk.
Etter sytti Är fekk jÞdefolket beskjed om
at dei kunne dra heim igjen.
Dei trudde ikkje sine eigne Ăžyre.
Dei gjekk mot heimlandet som i ein draum.
Tenk at dette skulle skje mens dei levde!
Dei fekk ta med seg tempelskattane som var rĂžva,
og sÄ reiste dei tilbake for Ä byggje opp Jerusalem.
Dei bygde bymuren opp att.
Husa og tempelet blei reiste.
Det tok si tid.
DĂ„ dei endeleg var ferdige,
bad dei presten om Ä hente bokrullen der Lova var skriven, den dei hadde fÄtt frÄ Gud.
Menn og kvinner stod i timevis og lytta
mens presten las hĂžgt.
Dei forstod ikkje det gamle sprÄket,
men nokon omsette og forklarte det som blei lese.
DĂ„ dei hĂžyrde og forstod Lova, gret dei alle.
Men presten sa: «TÞrk tÄrene!
I dag skal vi halde fest og vere glade.
Send mat som gÄver til dei som ikkje har noko!
For no er vi verkeleg komne heim igjen.»
9Jojakin var Ă„tte Ă„r gammal dĂ„ han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre mĂ„nader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens auge. 10Ved Ă„rsskiftet sende kong Nebukadnesar bod og lĂ©t han henta til Babel, saman med kostesame ting frĂ„ Herrens hus. SĂ„ gjorde han Sidkia, bror til Jojakin, til konge i Juda og Jerusalem. 11Sidkia var tjueein Ă„r gammal dĂ„ han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve Ă„r. 12Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge. Og han audmjuka seg ikkje for Jeremia, profeten som tala ord frĂ„ Herrens munn. 13Sidkia gjorde jamvel opprĂžr mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stivnakka og hardhjarta og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud. 14Leiarane for prestane og folket vart ĂČg meir og meir trulause, og dei tok etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga. Dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem. 15Herren, deira fedrars Gud, sende bod til dei seint og tidleg gjennom bodberarane sine, for han ville skĂ„na folket sitt og bustaden sin. 16Men dei hĂ„nte Guds sendebod, spotta orda hans og heldt profetane hans for narr, heilt til Herrens harme mot folket sitt vart sĂ„ stor at det ikkje meir fanst rĂ„d. 17DĂ„ lĂ©t han kaldearkongen dra opp mot dei. Han drap dei unge mennene deira med sverd i heilagdomen og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Alt vart gjeve over i kongens hender. 18Alt utstyret i Guds hus, bĂ„de stort og smĂ„tt, og skattane i Herrens hus og skattane til kongen og stormennene hans â alt tok han med seg til Babel. 19SĂ„ brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei i brann, og dei Ăžydela alle kostesame ting. 20Dei som slapp unna sverdet, fĂžrte han i eksil til Babel. Der vart dei slavar for han og sĂžnene hans heilt til persarane fekk makta. 21SĂ„leis vart Herrens ord gjennom Jeremia oppfylt. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsĂ„ra sine, sĂ„ lenge det lĂ„g audt, til sytti Ă„r var gĂ„tt. 22I det fĂžrste Ă„ret Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han for at det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia, skulle bli oppfylt. Persarkongen Kyros sende dĂ„ ut ei kunngjering i heile sitt rike, bĂ„de munnleg og skriftleg: 23«SĂ„ seier Kyros, kongen av Persia: Herren, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike pĂ„ jorda, og han har pĂ„lagt meg Ă„ byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda. Kven av dykk hĂžyrer til hans folk? MĂ„ Herren hans Gud vera med han. Lat han fara opp!»
1DÄ samla folket seg, alle som ein, pÄ plassen framfor Vassporten. Dei bad Esra, den skriftlÊrde, henta boka med Moselova, som Herren hadde gjeve Israel. 2Og presten Esra bar fram lova for forsamlinga, bÄde menn og kvinner, alle som kunne skjÞna det dei hÞyrde. Det var den fÞrste dagen i den sjuande mÄnaden. 3Han las i lovboka pÄ plassen framfor Vassporten frÄ morgongry til midt pÄ dagen for mennene og kvinnene, alle som kunne skjÞna. Heile folket lytta til lovboka. 4Esra, den skriftlÊrde, stod pÄ ein tram av tre som dei hadde laga til dette. PÄ hÞgre sida hans stod Mattitja, Sjema, Anaja, Uria, Hilkia og Maaseja, og pÄ venstre sida Pedaja, Misjael, Malkia, Hasjum, Hasjbaddana, Sakarja og Mesjullam. 5Esra opna boka framfor auga til alt folket, for han stod hÞgare enn dei andre. DÄ han opna henne, reiste alt folket seg. 6Esra velsigna Herren, den store Gud, og alt folket lyfte hendene medan dei sa: «Amen, amen.» SÄ bÞygde dei seg ned og tilbad Herren med andletet mot jorda. 7Levittane Josva, Bani, Sjerebja, Jamin, Akkub, Sjabbetai, Hodia, Maaseja, Kelita, Asarja, Josabad, Hanan og Pelaja forklara lova for folket, som vart stÄande. 8Dei las opp frÄ Guds lovbok medan dei tolka og forklara det som vart lese, slik at folket skulle skjÞna. 9Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlÊrde, og levittane som underviste folket, sa dÄ til folkemengda: «Denne dagen er heilag for Herren dykkar Gud. De skal ikkje sÞrgja og ikkje grÄta!» For heile folket gret dÄ dei hÞyrde det som stod i lova. 10Han sa sÄ til dei: «GÄ og et feite retter og drikk sÞt vin, og send mat som gÄver til dei som ikkje har noko! For denne dagen er heilag for vÄr Herre. Ver ikkje fylte av sorg! For gleda i Herren er dykkar styrke.» 11Levittane roa folkemengda og sa: «Ver stille, for dette er ein heilag dag. Ver ikkje fylte av sorg!» 12DÄ gjekk alt folket for Ä eta og drikka og senda gÄver. Dei laga ein stor fest, for dei hadde skjÞna det som vart sagt dei.